Fekk gullklokker for 25 år i Tussa

Elling Dybdal og Per Are Sørheim har jobba i Tussa i 25 år. Fredag 2. februar vart dei heidra med gullklokke for innsatsen sin.

Heidra: Utdeling av gullklokkene skjedde på ei samling for dei tilsette i Tussakonsernet 2. februar. Per Are Sørheim (t.v.) og Elling Dybdal. Foto: Tussa  Foto: Tussa

Det er ikkje tvil om at evne til omstilling og innovasjon er kjennteik ved dei to medarbeidarane som no har fått gullklokke

Nyheiter

Å heidre medarbeidarar som har jobba 25 år samanhengande i konsernet er tradisjon i Tussa. I år var det to av direktørane som fekk gullklokke. Konsernsjef og adm. direktør i Tussa Kraft og Tussa Energi, Elling Dybdal, og adm. direktør i Tussa-24, Per-Are Sørheim.

Byrja i 1993

Begge to byrja i Tussa i 1993, og begge har vore sterkt medverkande til å byggje opp Tussa til det konsernet det er i dag.

Per-Are Sørheim har hatt ulike roller i Tussa oppgjennom åra. Han starta som personalkonsulent i 1993, og vart seinare personalsjef i Tussa. Stillinga som adm. direktør i Tussa-24, som er Tussa sitt sals- og marknadsselskap, har han hatt sidan 2007.

Elling Dybdal starta som adm. direktør i Tussa Energi i 1993. Ei av dei første utfordringane han møtte i stillinga var den nye energilova frå 1991, der forsyningsmonopolet vart oppheva og elektrisitet vart ei vanleg salsvare som fritt kunne seljast og kjøpast utan omsyn til kvar leverandøren og kunden budde. Tussa møtte den nye og skjerpa konkurransesituasjonen ved å ta ei aktiv rolle i regionen, og innlemma utover 90-talet dei kommunale energiverka i Tussa.

Personalsamling

– Det er ikkje tvil om at evne til omstilling og innovasjon er kjenneteikn ved dei to medarbeidarane som no har fått gullklokke. Tussa set stor pris på innsatsen dei har lagt ned, og ønskjer lukke til vidare, heiter det i ei pressemelding.

Gullklokkene vart delte ut av organisasjonssjef Nina Melle Scharning under Tussa si årlege personalsamling.