Vil styrkje lensmannskontora

Det blir fleirtal på Stortinget for eit framlegg frå Senterpartiet om å krevje at regjeringa sørgjer for nok mannskap på lensmannskontora, skriv fagbladet Politiforum.

  Foto: Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix / NPK

Nyheiter

NPK: Saman med KrF og SV dannar Ap fleirtal for framlegget, som no er til behandling i justiskomiteen på Stortinget.

– Arbeidarpartiet støttar òg desse forslaga. For oss er tilliten til gjennomføringa av politireforma sett på prøve, særleg etter at delen "et løfte til innbyggerne" i forliket ikkje vart gjennomført i tråd med forliket, seier leiaren for justiskomiteen på Stortinget, Lene Vågslid (Ap), til bladet.

Sp krev i framlegget at regjeringa sørgjer for ei "reell styrking" av dei lensmannskontora som er igjen, slik at tenestestadene har folk nok "til å kunne være aktivt til stede der folk er". Regjeringa må òg sørgje for at lensmannskontora har ein stadleg lensmann og tilstrekkeleg bemanning til å løyse oppgåvene, ifølgje framlegget.

SV, som stod utanfor forliket om politireforma, støttar intensjonen i framlegget, men er førebels i tvil om dei vil støtte kravet om at alle lensmannskontora skal ha ein stadleg lensmann.

– Det må vi komme tilbake til før saka blir ferdig behandla i komiteen, seier Petter Eide, som sit i justiskomiteen for SV.

Jorunn Elisabeth Gleditsch Lossius i KrF har tidlegare gjort det klart at partiet støttar Sp-framlegget.

– Føresetnaden for at KrF skulle vere med på nærpolitireforma, var at ho skulle sikre eit politi som er lokalt forankra og til stades der folk bur. KrF vil derfor støtte framlegget som ligg til behandling i Stortinget no, sa Lossius til Politiforum tidlegare denne veka.