Over 50.000 kroner til Ørsta og Volda

I 2017 tok Røde Kors imot 37 millionar kroner frå Pantelotteriet. Det er ny rekord.

Ørsta Røde Kors fekk 27.612 kroner gjennom Pantelotteriet i 2017. Volda Røde Kors fekk 25.021.  Foto: Katrine Lunke/Pantelotteriet

Nyheiter

Av det beløpet fekk Røde Kors i Møre og Romsdal 539.900 kroner. Det er ei auke på 80.000 kroner sidan i fjor.

Sidan starten i 2008 har Pantelotteriet bidrege med 195 millionar kroner til Røde Kors. Det betyr at lotteriet har blitt ei av organisasjonen sine største inntektskjelder. Halvparten av midlane går til Røde Kors lokalt.

Ørsta Røde Kors fekk 27.612 kroner frå Pantelotteriet i 2017, og Volda Røde Kors fekk 25.021 kroner. Spjelkavik Røde Kors fekk mest i Møre og Romsdal med 119.143 kroner.

– Dette er fantastiske nyheiter. Midlane frå Pantelotteriet har ei direkte samfunnsmessig betydning og bidreg til at vi kan gjennomføre endå fleire humanitære aktivitetar lokalt, seier dagleg leiar Tore Nedregård i Møre og Romsdal Røde Kors i ei pressemelding.

Butikken i Møre og Romsdal som skapte mest pengar til Røde Kors’ Pantelotteri er Kiwi Sundgata i Ålesund. Herifrå kom det inn hele 93 564 til lotteriet i 2017. I 2017 var det 11 personar som vant toppgevinsten på éin million kroner.