– Snop i skuletida? Vel..

– Nokre elevar var vel optimistiske då dei høyrde vi skulle ta over skulen. «Snop kvar dag?» var spørsmålet. Svaret var eit klart nei.

Overtaking: Nokre av studentane som har ansvaret for Vikemarka skule denne veka. I front fungerande rektorar Joakim Olsson og Hanne Høynes. Bak frå venstre: Anna J. Austnes, Malin Vartdal, Bjørn Henning B. Kleven, Gunnar Opsahl, Kristian E. Bentsen, Magnus Halten, Sara Bergland og Sissel H. Hove  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

Hanne Høynes ler av den ivrige eleven, som kanskje trudde det ville bli litt frie tøylar på Vikemarka skule denne veka, når 54 studentar har teke over som rektorar og lærarar mens staben er på studietur til London.

Hanne Høynes og Joakim Olsson fungerer som rektorar. Læringskurva er bratt, men å få teste ut fag i praksis har gitt meirsmak, forsikrar dei.

– Absolutt. Vi kjenner meir enn nokon gong at vi har valt rett utdanning, seier dei to tredjeårsstudentane frå lærarutdanninga i Volda.

Dei 54 studentane har fått ansvaret for alle dei 308 elevane ved Vikemarka skule. Eit ansvar dei tek på stort alvor.

– Det er mykje jobb, og litt ekstra for oss som er rektorar. Vi må sørge for nok vakter i friminutta, at der er på plass lærarar eller eventuelt vikarar i alle timane, og har også ansvaret for å planlegge og lage til fellestid som lærarane har to gonger i veka, der ulike tema vert teke opp. Men til no kan vi ikkje seie anna enn at dette går veldig bra, sjølv om vi sjølvsagt kjenner på arbeidspresset og ansvaret. Elevane oppfører seg eksemplarisk. Vi veit at dei har gledd seg minst like mykje til dette som oss. Testing av grenser har vi ikkje sett så mykje til. Ikkje enno i alle fall, humrar dei.

Dei set stor pris på at lærarstaben ved Vikemarka er villige til å gi dei dette ansvaret. Og også at dette er ein praksis som Høgskulen i Volda legg mykje arbeid i å få på plass.

– Dette vert vår kvardag når vi skal ut i arbeidslivet. Det er på denne måten vi lærer mest, aleine i klasserommet med alle elevane, eller her på rektorkontoret. Det er god læring.

Dei fekk god innføring i arbeidsoppgåvene før staben ved Vikemarka pakka koffertane og vende snuten mot London.

– Så overgangen har vore fin. Vi har kjent oss trygge på at dette skulle gå veldig bra, og det har det også gjort.

Heilt aleine er dei likevel ikkje. Ein juridisk ansvarleg er på plass frå kommunen, og Høgskulen i Volda har også ein person til stades, og assistentane er også igjen på skulen. Skulle det vere noko spesielt, har dei nokon å rådføre seg med.

Tidlegare rektor Marta Aa Standal er på plass som representant for kommunen. Ho kjenner skulen ut og inn frå si tid som rektor. Ho har ingenting å sette fingeren på med arbeidet studentane gjer.

– Dei er ein dyktig gjeng. Eg har aldri hatt så rolege dagar her på skulen før, fortel ho lattermildt.

– Her er alle i trygge hender.