Formannskapet

Seier ja til eigendel

Formannskapet seier ja til at huseigarane på Vallabøen skal betale for skredsikring. Men går det som ordførar Stein Aam håper, vert summen ikkje så høg som 45.000 kroner.

Vallabøen: Delar av Vallabøen skal sikrast mot snøskred. Spørsmålet er kor stor eigendelen for huseigarane blir.  Foto: Janne-Marit Myklebust

Nyheiter

– Eg har vore i kontakt med Fylkesmannen i Møre og Romsdal. Han sit på ein pengepott det kan søkjast pengar frå til slike tiltak, opplyste ordføraren i formannskapsmøtet.

Fonnvernprosjektet for Vallabøen er lyst ut på tilbod, og det er Kjell Arne Aurstad AS som har fått tilslaget på 22,176 millionar kroner.

NVE dekkjer 80 prosent av kostnaden, og då vert det kravd ein såkalla distriktsdel på tjue prosent.

Ørsta kommune ser då føre seg ein fordelingsnøkkel lokalt med at kommunen tek 61 prosent av desse kostnadene, og oppsitjarane som får verna sine eigedommar resten.

Det vil seie at kommunen tek 3,185 millionar kroner av kostnadene, medan det vert sett opp 2,015 samla for dei eigedomane som ligg i skredområdet.

Når kommunen tek i overkant av seksti prosent av kostnadene med distriktsdelen, er det fordi Vikemarka skule ligg i området, i tillegg til at kommunen har infrastruktur som vegar, gangvegar, vass- og avlaupsleidningar som vert sikra.

Lågare pris enn frykta

Ordførar Stein Aam løynde ikkje at det er ei vanskeleg sak, og at kostnadene for dei husstandane som vert påverka av skredsikringa er høge.

Likevel påpeikte Aam at prisen ikkje er så høg som frykta.

– Entreprenørprisen er rimelegare enn vi hadde venta. Det er likevel 80-20-fordelinga som er utfordringa. Vi har eit håp om å verte tilført midlar frå Fylkesmannen i Møre og Romsdal som kan redusere distriktsdelen. Søknadsfristen er 1. mars, og vert vi tilført midlar, vil dette kome huseigarane til gode, sa Aam.

Synnøve Rekkedal Hill (Sp) var samd i at det ikkje er kjekt at dei som bur i området vert tilførte ekstrakostnader.

– Men vi har bygt fonnvern tidlegare, og dei som eigde nedanfor fornnvernet, måtte ta del i kostnadene. Når lovverket ligg, må det vere likskap for lova. Det er bra at kommunen har greidd å forhandle fram ein entreprenørpris som er mykje lågare enn den kostnaden vi snakka om sist haust. Då vart det antyda kanskje 90.000 kroner per hus, sa Rekkedal Hill, og minte om at fonnvernet kjem huseigarane til gode.