I eit brev til Ørsta kommune bed Hustad om at det vert teke grep for å få bukt med det han opplever som eit stort problem. Han nemner særleg Bondalen, der han seier at hjortebestanden har auka mykje dei siste åra, og at dette er eit problem for gardbrukarane.

– Særleg dei siste par-tre åra har hjortebestanden auka mykje. No er problemet størst om våren og tidleg sommar. Her på gardsbruket mitt på Årset er regelen no at det går svært mange dyr på attlegene frå dei første grasspirane dukkar opp, til godt ut i juni når hjortekalvinga tek til. Sist vår talde eg til dømes opp to flokkar med 20 dyr i kvar under gjødselkøyringa mi her på mine attleger. Diverre var dette ikkje ei eingongshending. Her på Årset har vi gjerne hjorteflokkar på opptil 40 dyr.

Dette får konsekvensar for beitemarka. Hustad fortel at nyattlegene, attlegene som skal gje mest og kvalitetsmessig best avling, var heilt nedbeita til langt ut i mai.

– Kraftig nedbeiting av attleger fører ikkje berre til kraftig redusert avling, men fører også til at t.d. timoteien går raskare ut.

Dei siste åra, skriv Hustad, har dei også merka seg at svært mange hjortar overvintrar i området.

– Eg har aldri sett så mange dyr overvintre på Årset som denne vinteren, og det trass i at vi skaut rekordmange hjortar, heile 17 stk., sist haust. Dette lovar på ingen måte godt for avlingane til sommaren.

Hustad skriv at dei ser fleire teikn på at hjortestammen er alt for stor.

– Vi ser at det er lenger mellom dei store hjortane, snittvekta går ned. I tillegg ser vi svært mange flått på hjorten. Denne flåtten fører til sjukdom på husdyr, t.d. sjodogg, og ekstra kostnader med vaksinering. I mange år har hjorten også vore eit trafikkproblem. Dette problemet har ikkje vorte redusert dei siste åra.

Han skriv også at det er eit aukande problem at ikkje alle grunneigarar vil tillate hjortejakt på si innmark/dyrkamark.

Hustad håper at saka kan bli handsama politisk.

– Alle jaktfelt må få tildelt fleire fellingsløyve om bestanden generelt skal gå ned. Ørsta kommune kan diverre ikkje bestemme at alle grunneigarar må tillate jakt på si innmark, men Ørsta kommune kan tildele langt fleire hjorteløyve. At hjorteproblematikken er så stor i Bondalen kjem truleg av di her er eit aktivt landbruk, men dette aktive landbruket er ikkje sjølvsagt. Det nyttar lite med gode landbruksoppgjer om hjorten et opp- og reduserer kvaliteten på avlingane, øydelegg gjerde, aukar sjukdomsnivået på husdyr og folk og øydelegg nyplanta granskrog, avsluttar Hustad.