Carl-Åge Henriksen tek imot Møre-Nytt i sine lokale i den gamle møbelfabrikken Sandvik i Liadal. Han har invitert Møre-Nytt for å fortelje at han no skal drive rammeverkstad.

– Eg ser fram til å konsentrere meg om dei tinga eg brenn for, og samstundes ha mulegheit til å kunne ta omsyn til mi eiga helse. All fotografering er ikkje lagt på hylla. Det er framleis høve til å kunne bestille fotografering,men studiofotograferinga er lagt på is, fortel Henriksen.

Men så var det dette med fortida. Det kan ikkje stikkast under ein stol at han har litt å svare for. Og han seier at han vil snakke ut.

Forretningane til Henriksen er inga suksesshistorie. I fjor haust gjekk Gågata Foto AS konkurs. Eitt år tidlegare gjekk Fotograf Henriksen AS, konkurs. Han har gått konkurs før også- i 2007. «Etter bustyrets vurdering viser styreleiar verken vilje eller evne til å endre sin forretningsførsel», skriv advokat Hege Robudal Stenkløv i ei mellombels innberetning til tingretten etter den siste konkursen, i Gågata Foto AS.

– Eg føler det er rett å seie frå til dei som er involverte at eg ikkje har gløymt dei, seier han.

Kom til Ørsta

Carl-Åge Henriksen vaks opp på Notodden. Han gifta seg i Ørsta i 2004 og flytta hit saman med kona i 2007. Fotografering og sal av fotoutstyr har vore den viktigaste inntektskjelda.

– Eg har arbeidd som fotograf i 16 år, og mellom anna fotografert om lag 60.000 portrett gjennom skulefotografering for Ariel Foto. Eg har også brukt mange timar på å arbeide med Kunstgate-prosjektet i Ørsta, seier han.

Han fortel at han har blitt 70 prosent ufør etter å ha vore i to bilulykker, i 2014 og 2015, og at det har gått ut over evna til å følge opp forretningane.

– Sjukdomsproblema var den direkte årsaka til konkursen i 2016. Vert du råka av sjukdom påverkar det kvardagen ekstremt. Eg har ikkje hatt evna til å gjere det eg skal, og følge opp det eg skal.

Han viser bilete frå ulykkene. Den første var ved Bismo i Skjåk, der han måtte svinge unna ein elg. Dermed enda det med bilvelt i grøfta. Året etter kolliderte han.

– Eg har hatt helseproblem etter ulykkene, men eg kan ikkje berre sette meg ned. Eg er 42 år, eg må gjere noko, og eg elskar det eg held på med.

Konkurs 2016

I Fotograf Henriksen AS, som gjekk konkurs i november 2016, kom det inn 43 krav på til saman 677.000 kroner. Men i buet var det lite å hente. Forretningsdrifta var «grovt uaktsom», meinte bustyrar. Ho viste til manglande rekneskapsføring, manglande innbetaling av skatt og moms og «fullstendig samanblanding» mellom aksjeselskapet Fotograf Carl-Åge Henriksen og enkeltpersonføretaket Carl- Åge Henriksen. Bustyrar sende bustyrerapporten over til politiet og selskapet ved styreleiar Henriksen fekk eit førelegg.

No må politiet gå ein ny runde med Henriksen. Bustyrar har levert inn ny politianmeldelse, denne gongen etter konkursen i Gågata Foto AS.

Trass i to konkursar på to år, konkurskarantene, og at han er 70 prosent ufør, held Carl-Åge Henriksen liv i forretningane. Konkurskarantena gjer at han har forbod mot å etablere nye selskap inntil vidare, men han kan drive gjennom enkeltpersonføretaket sitt.

Fekk ikkje kamera som avtalt

I desember, etter konkursen i Gågata AS, averterte han eit Olympus-kamera til sals på Finn. No. Referansen var: «Carl-Åge Henriksen. Totalleverandør innen alt av fotoprodukter i Ørsta. Eget rammeverksted». Ein kjøpar melde seg. Prisen vart pruta ned til 6.300. Pengane vart betalt 21. desember, men kameraet har ikkje dukka opp.

Her er kjøparen sin versjon av kontakten med Henriksen (CÅH): «Til tross for mange påstander og lovnader fra CÅH sin side etter at jeg hadde betalt fakturaen, så er det ingenting av informasjon fra han som stemmer, og det skjer absolutt ingen ting i etterkant av våre samtaler - ingen telefon tilbake samme dag som han lover, ingen svar på sms jeg sender, ingen kopi av kolli- nummer / forsendelsesdokument mottas.»

Tolmodet er slutt. Han har meld Henriksen til politiet.

Også ein annan som har kjøpt varer med Henriksen nyleg har kontakta Møre-Nytt. Han betalte inn 4.000 kroner, men hadde ikkje fått varene som avtalt.

– Dei 4.000 kronene er refundert, forsikrar Henriksen.

– Kva med han som har betalt 6.300 for eit Olympus- kamera?

– Han har fått beskjed om at han vil få pengane tilbake. Vi har dialog.

– Han har anmeldt deg, kva er din kommentar til det?

– Vi har dialog, og dersom han ikkje trur på meg då så…kva kan eg gjere?

– Men du skal betale tilbake?

– Anten det eller så skal han få kamera.

– Han har slite med å få kontakt, og det har tatt tid. Kvifor har du ikkje ordna opp med ein gong, og levert etter avtale?

– Det har å gjere med den økonomiske situasjonen eg har hamna i.

– Så du lovar å rydde opp?

– Ja, det er sjølvsagt. Noko anna er utenkjeleg.

Konkurs 2017

Til buet etter konkursen i Gågata Foto AS har det kome inn krav på 1,245 millionar kroner. I alt er det 77 kreditorar, med Skatteetaten som den største. Det er lite verdiar i buet, så det er neppe noko å hente for kreditorar, konkluderer bustyrar.

Gågata Foto AS vart stifta 4. januar 2016. Henriksen hadde med seg ein partnar, men han trekte seg etter kvart ut av selskapet. I følge bustyrar Gågata Foto AS fekk det nye selskapet ein dårleg start: «For bostyrer framstår det som at Gågata Foto allerede kort tid etter stiftelsen ikke har vært i stand til å betale sine løpende forpliktelser», står det i den første rapporten til Tingretten etter konkursen.

Bustyrar peikar mellom anna på store manglar i rekneskapsføring, manglande innbetaling av skatt og moms, samt samanblanding mellom aksjeselskapet sin økonomi og Henriksen sitt private enkeltpersonføretak. I tillegg har bustyrar fått opplysningar om at Henriksen to gongar har seld kamera utan at kunden har fått vara. Den eine gongen handlar det om kamera og utstyr til 70.000 kroner.

– Det eine kameraet er levert. Det andre står framleis i bestilling. Kunden skal få vara si, og det har han blitt opplyst om. Men det er lang leveringstid på dette kameraet, seier Carl-Åge Henriksen.

Så var det den manglande rekneskapsføringa, samt manglande innbetaling av skatt og moms. Her vedgår Henriksen at han har vore uryddig.

– Etter at vi avslutta samarbeidet med rekneskapsførar har det vore vanskeleg, mykje av det ligg i sjukdomshistoria, at eg ikkje har hatt evne og kapasitet til å gjere det. Det legg eg ikkje skjul på.

– Korleis byrja dette som har utvikla seg til ei negativ sak for deg og kundane dine?

– Vert du råka av sjukdom påverkar det kvardagen ekstremt. Eg har ikkje hatt evna til å gjere det eg skal, og følge opp det eg skal. Det har vore totalt fråverande.

– Synest du at du er kompetent til å drive forretningar?

– Eg er vel ganske bevisst på grunnen til at eg har lagt ned butikken og trekt meg tilbake. Ved å ikkje ha tilsette, og pådra meg meir gjeld, og å ha litt inntening, og samstundes rydde opp, er det fullt ut muleg for meg å drive forsvarleg.

– Det er fleire som er sinte på deg, kva synest du om at det er mange som ventar på pengar?

– Eg har vore i kontakt med nokre av dei, og ønskjer dialog for å finne løysingar, slik at eg kan bidra på den måten eg kan for å gjere situasjonen betre.

–Har du dårleg samvit?

– Ja utan tvil, det gneg meg langt inn i hjarterota. Og det gir meg pågangsmot, slik at eg kan ordne opp, og sjå folk i auga etterpå.

–Det vil du?

– Det må eg og det skal eg. Eg må tenke på familien.

Konkurs: Gågata Foto AS heldt til i Vikegata, og gjekk konkurs i november. Foto: svein aam