– Vi har hatt det gåande sidan i oktober i fjor, men vi har ikkje hatt offisiell opning då ikkje alt har vore på plass. No er vi klare og vi skal gi gass vidare, seier butikkleiar Sveinung Myklebust som saman med Mads Skare Evensen er tilsett i Würth Hovdebygda.

Torsdag kjem adm.dir. Svein Oftedal til Hovdebygda og han vil stå for den offisielle opninga av butikken. Etableringa i Hovdebygda er den 49. Würth-butikken i Noreg. Ifølgje kjedesjef Rune Clasen i Würth Norge var det gode grunnar til dei ville etablere seg i Hovdebygda.

– Vi fann eit veldig eigna lokale der, som oppfylte alle kriteria vi hadde for eit lokale. Hovdebygda er jo også eit slags knutepunkt for Volda, Ørsta, Ulsteinvik og andre plassar rundt. Vi hadde gjort ei marknadsundersøking på førehand som også viste at folk var interessert i å ha ein slik butikk i området. I tillegg var vi opptatt av å ha ei god plassering, og vi føler vi har plassert butikken godt synleg.

Würth held til i det gamle Hansa-lageret i Hovdebygda.

– Vi er ein engrosbutikk som rettar oss inn mot dei profesjonelle brukarane. Vi har seljarar som har reist i området gjennom mange år, men no satsar kjeda på fleire butikkar. Butikken vår er den 49 i rekkja i Noreg. Butikkane er eit ekstratilbod til kundane, i tillegg til at vi vil ha eit lager nært til kundane, seier Myklebust.

Würth har tidlegare etablert seg med butikk i Ålesund og Førde, og butikken i Hovdebygda skal inn på marknaden både på Søre Sunnmøre og i Nordfjord.

– Würth er sterke på festemateriell, verktøy, arbeidsklede, sko, kjemi og HMS-produkt. I tillegg har vi klart slangeverkstad til hydraulikkslangar. Vi jobbar inn mot mellom anna bilbransjen, entreprenørar, snikkarar/tømrarar, elektrikarar og famnar breitt.

– Korleis har etablering blitt teke i mot?

– I distriktet har vi fått ei veldig godt mottaking og det har vore mykje positive kundar. Vi har også ein av dei største Würth-butikkane. Her er det ope, lyst og triveleg. Det har vi fått gode tilbakemeldingar på også, seier Myklebust.

I Hovdebygda: Würth har etablert seg i det gamle Hansa-lageret i Hovdebygda. Foto: Joachim Åsebø