Det skriv formann Kent Riksheim i Hovdebygda og Ørsta skyttarlag i eit brev til Ørsta kommune ved ordførar Stein Aam. Saman med Pistolklubben har skyttarlaget lagslokale i kjellaren på Ørsta kulturhus. Ifølgje skyttarlaget er det skrive kontrakt mellom partane der skyttarlaget skal betale 5.000 kroner i året ileige og Pistolklubben 3.000 kroner i leige.

– I kontrakten står det at det skal gjevast seks månader varsel før ei eventuell auke. Det står også at denne summen omfattar straum, lys og vatn. I dei seinare åra har vi i tillegg til leiga betalt straum i eigen faktura, heiter det i brevet.

Skyttarlaget opplyser at arealet som dei brukar ikkje har blitt utvida utover det som står i kontrakten. Eit areal som dei tidlegare nytta som lager er no omgjort til toalett.

– Vi brukar mykje tid, ressursar og energi på barn og ungdom i Ørsta. Ønsket vårt er å gi eit godt tilbod til dei som fell utanfor dei typiske lagidrettane. Vi synest difor at det er urimeleg at de no sett opp leigesummen utan å varsle oss.

Skyttarlaget varslar Ørsta kommune at dei kjem til å betale leigesummen som står i kontrakten mellom partane, og ikkje den summen som kommunen no krev.