Det er Aurvoll og Furesund AS i Fosnavåg som har fått oppdraget frå Statens vegvesen om å byggje ein ny bussterminal for Ørsta.

Det er statens vegvesenet som har tildelt kontrakten til Fosnavåg-firmaet etter ein tilbodsrunde før jul.

– Vi er glade for kontakten, og vil setje i gang arbeidet straks vi har underskrive saman med Statens vegvesen, fortel dagleg leiar Eivind Berge i Aurvoll og Furesund AS.

Kontrakten vert på elleve millionar kroner, og arbeidet omfattar altså eit nytt bussterminalområde.

– Det høyrer ingen bygning med til kontrakten, fortel Berge.

Men det skal lagast til eit heilt nytt uteområde med nye oppstillingsplassar, nytt vegsystem, nye fortau, nye gang- og sykkelvegar, ny parkeringsplass, ny struktur for vatn- og avlaup og nye gatelys.

– Vi reknar med å ha frå seks til tolv mann i arbeid på prosjektet, avhengig av kva type arbeid vi til ei kvar tid held på med, fortel Berge.

Det er entreprisekostnaden som er sett til 11,2 millionar kroner. I tillegg kjem prosjekteringskostnader og grunnerverv. Løyvingssummen til Statens vegvesen er om lag 14 millionar kroner.

Arbeidet skal vere ferdig innan 1. november. Det er siste dato som er sett for overdragingsforretninga.