Fylkesmannen har gitt utsleppsløyve til eit avfallsanlegg på Melsgjerdet, men naboar på Brekke har protestert på planane. Og dei slår deg ikkje til ro med at Fylkesmannen har gitt grønt lys.

– Vi krev med dette at Fylkesmannen føretek ei ny vurdering av søknaden frå Volda og Ørsta Reinhaldsverk (VØR) om konsesjon for utsleppsløyve, skriv Nils Olav Brekke, Olaug Brekke Harbak og Knut Brekke i eit brev til Fylkesmannen.

Dei har kritiske kommentarar til kommunen sitt planarbeid, Fylkesmannen si sakshandsaming og til dagleg leiar i VØR sine kommentarar knytt til høyringsrunden.

– Søkjars uvennlege og villeiande kommentarar til våre merknader står fram som Fylkesmannens grunnlag for vedtaket. Våre høyringsmerknader synest å ha liten verdi, skriv klagarane.

Dei reagerer mellom anna på at leiinga i VØR har skrive at han kan dokumentere at det er mindre trafikk på RV 655 forbi Brekke no enn for 30 år sidan.

–Dette er lite truleg, og det er villeiande opplysingar for Fylkesmannen, står det i brevet.

VØR har varsla at det kan kome på tale med eit biogassanlegg knytt til avfallsanlegget. Dette er eit poeng for klagarane, men fylkesmannen ser vekk frå det.

–Søkjar driv eit taktisk og stegvis spel overfor både naboar og Fylkesmann, kommenterer klagarane.

Dei er i det heile misnøgde med sakshandsaminga til Fylkesmannen.

– Nesten alle saklege høyringsmerknader er ignorerte. Høyringa står fram som eit narrespel overfor trettifem naboar med signerte høyringsmerknader, står det i klagen.