Det spår Volda kommune sine ekspertar når dei no har utarbeidd ein analyse for behovet for nye bustader – og eit prinsipp for fortetting dei neste tolv åra.

Busetting er eit av sju hovudtema i arealdelen i Volda kommune sin kommuneplan for åra 2018–2030.

Grunnlagsdokumentet «Bustadbehovsanalyse og prinsipp for bustadfortetting i Volda sentrum» er ein analyse av bustadbehovet for heile kommunen, ein gjennomgang av kva som potensielt kan byggjast ut i høve gjeldande planar, forslag til korleis ein kan møte framtidig bustadbehov – og eit forslag til prinsipp for bustadfortetting i Volda sentrum. Grunnlagsdokumentet vil vere førande for forslag til nye bustadareal i arealdelen i tillegg til føresegner og retningslinjer.

Folketalsauke

Behovsanalysen konkluderer med ein folketalsauke på om lag 1.300 personar i Volda kommune i planperioden.

– På grunn av intern sentralisering vil ein likevel måtte planlegge for ein auke på 1.500–1.600 personar i Volda sentrum. Volda har fleire åleinebuande enn andre kommunar i Møre og Romsdal. Det må derfor leggjast til grunn eit behov på om lag 750 små bustader/leilegheiter og 200 einebustader i Volda sentrum i planperioden, fortel rådmannen.

Han konstaterer at det totalt for heile kommunen er der tomtereservar for å dekke det behovet for nye bustader i planperioden.

– Ein stor del av tomtereservane ligg i ulike bygder med nedgang i folketalet. Her vil det vere behov for å revurdere storleik og lokalisering av bustadareal. I Volda sentrum har det av ulike grunnar vist seg vanskeleg å realisere ein del av tomtereservane og det kan difor vere behov for å tilføre noko nytt bustadareal i arealdelen.

Det er berre i lokalsentera det er aktuelt med bustadfelt og det er berre i Mork/Furene det er behov for tilrettelegging av nye bustadfelt.

For Mork/Furene er det foreslått to alternativ. Eit nøkternt alternativ utan større kostnader for etablering av ny samfunnsinfrastruktur, der ein legg til rette for ein auke i folketalet på opp mot 300 personar i planperioden. I eit meir ekspansivt alternativ vert det lagt til rette for ein auke av folketalet i området med om lag 600 personar.

I Volda sentrum er det vist grep for å kunne legge til rette for etablering av om lag 200 nye leilegheiter i indre sentrumssone, 600–700 nye bueiningar i midtre sentrumssone og om lag 500 nye bueiningar i ytre sentrumssone.

– I indre og midtre sentrumssone vil dette hovudsakeleg måtte løysast gjennom fortetting, fornying og auka grad av bustadtettleik. I midtre sentrumssone er det i tillegg foreslått to område som kan vere aktuelle som nytt areal for bustader, fortel rådmannen.

Då formannskapet i Volda tok saka til vitande, fjerna politikarane eit avsnitt i planen som handla om fortetting i område med blokk og større bustad- og forretningsbygg.

Bustadplan: Rådmann Rune Sjurgard fekk med seg formannskapet på til å ta bustadplanen til vitande. Foto: Janne-Marit M. Falch