Ho har turnert over heile verda, har vunne fleire musikkprisar, mellom andre Spellemannprisen to gonger med Majorstuen og Unni Boksasp Ensemble, Folkelarm-prisen tre gonger. Ho har vunne ulike klasser på landskappleikar innan folkemusikk, og ho har vore med på snart 20 CD-ar. Ho opptrer som solist, eller saman med andre. Sterk sceneutstråling og gnistrande spel er mellom karakteristikkane som fylgjer Jorun Marie Kvernberg.

– For vel ti år sidan, valde du og kjærasten din, Øyvind Espe, å slå dykk ned i Volda. Kvifor her?

– På den tida var vi vel noko romantiske og såg føre oss eit idyllisk liv på eit småbruk ved havet. Men etter ein nøyare analyse av kva som tente oss best, fann vi ut at Volda hadde det vi trong, mellom anna flyplass, eit variert kulturliv og jobbmoglegheiter som passa oss. For mitt vedkomande var det viktig at her var jobbar i skuleverket og i kultursektoren dersom eg måtte gi opp å vere frilans folkemusikar på heiltid.

Og no har ho halde på så lenge at ho trur det skal gå bra.

Ville heim

– I Oslo etablerte eg meg som musikar. Der fekk eg utdanninga mi og knytte kontaktar som har vore viktige for musikk-karrieren min. Eg hadde nok hatt eit større nettverk om eg hadde valt å bu i Oslo, og sjølvsagt miste eg også nokre jobbmoglegheiter ved å flytte hit. Men eg kjende at sju år i Oslo var nok, og sidan det er folkemusikken i Møre og Romsdal som står meg nærast, ville eg heim att til fylket mitt.

I 2010 flytte Jorun Marie og Øyvind inn i det staselege, raude teglsteinshuset bygd i 1932, Espe-huset, i Volda. Huset har si eiga interessante historie, og er i dag ei svært triveleg og inspirerande ramme rundt familien Kvernberg/Espe, som no tel fire med borna Tormod (4) og Haldis (2).

Hardingfele: Jorun Marie Kvernberg som solist på hardingfele under Høgskuleorkesteret i Volda sin 17.mai-konsert.

Musikarfamilie

Jorun Marie er romsdaling, fødd i 1979. Ho vaks opp i Elnesvågen i ein musikalsk familie. Mora song, spelte cello og fele. Faren spelte piano. Av dei fire borna spelte to fele, og to piano. Familien hyste «Kvernbergs husorkester», eit salongorkester for bygda med klassiske svisker på repertoaret. Tre av borna utdanna seg til musikarar. Broren, Ola Kvernberg, er ein kjend jazzmusikar og er nett nominert til Spellemannprisen 2017 i open klasse.

Jorun Marie var elev i musikkskulen, og fekk ein svært dyktig, men krevjande lærar i klassisk felespel.

– Ho var frå Beograd, og praktiserte ein pedagogikk som var framand for oss. Verkeleg ein kulturkollisjon! Vi trudde vi var flinke, men læraren bestemte at vi måtte starte på nytt. Kravet til nøyaktigheit var ufråvikeleg, og ho gav seg aldri før spelet var bra. Det var stritt for eit barn, men eg er takknemleg for den erfaringa eg fekk der. Eg har hatt god nytte av den seinare.

Men kvifor valde Jorun Marie folkemusikken?

– Folkemusikken stod sterkt i familien min, særleg sidan morfaren min, Peter L. Rypdal, var ein kjend spelemann og komponist. Så då eg var 13 år danna mor mi og ei veninne spelemannslaget «Stølslaget» for fire unge og to vaksne utøvarar.

– Så fekk eg vere med på mitt første «Mo-kurs», eit sommarkurs halde på Mo landbruksskule ved Førde, der også folkedansen vart integrert i det å spele fele. Det vart ein kjempeinspirasjon for meg å vere saman med mange unge om folkemusikken, og her møtte eg for første gong to av dei som eg seinare skulle skipe «Majorstuen» saman med!

Valde folkemusikken

Etter musikklina ved Molde vidaregåande skule, valde Jorun Marie å utdanne seg innanfor folkemusikken.

– Klassisk musikk stressa meg. Eg var ikkje så flink til å øve, og eg syntest det var så lang veg fram til musikken! Der var så mange og strenge krav. Eg opplevde at fridomen mangla. Så i staden for klassisk musikkutdanning ved konservatoriet i Trondheim, der eg kom inn, begynte eg på musikklina ved Folkehøgskulen på Voss. Eit friår! Her spela eg hardingfele saman med to andre, og vi hadde dyktige lærarar. Det vart eit godt og svært variert år for meg med spanande utfordringar både på skulen og ute i Vosse-bygda. Og ikkje minst, her på musikklina møtte eg kjærasten min, Øyvind Espe frå Sunnfjord, men med familierøter i Volda. Han også frå ein musikkglad familie.

Hausten etter vart det kandidatstudiet i utøvande folkemusikk ved Musikkhøgskulen i Oslo.

– Etter kvart vart det eit godt miljø for folkemusikkinteresserte på høgskulen, og eg møtte folk som eg jobbar saman med framleis, til dømes i Majorstuen og Tindra. Faktisk var det desse studentane eg lærte mest av gjennom alle fem åra på høgskulen. Her fekk eg utfalde meg i arrangering og komponering, vi stilte høge musikalske krav til kvarandre og vi fekk også ein god skule i alt det utanommusikalske som ein må kunne for å lukkast som frilansmusikar.

Jobbar frilans

Jorun Marie vart uteksaminert frå musikkhøgskulen i 2004. Og sidan då har ho vore frilans folkemusikar på heiltid. Hovudinstrumenta hennar er fele og hardingfele, og ho er også ein god songar. Ho imponerer når ho akkompagnerer songen sin med felene, samtidig som sceneutstrålinga som ho er så kjend for er der!

– Folkemusikken passar meg godt. Eg studerer kjeldene mine, blir kjend med menneska bak musikken, med livet deira, og så formidlar eg på min måte dette til publikum. Slik får eg nærkontakt med dei, og dette likar eg!

Majorstuen og Tindra vart etablerte i 2000.

Majorstuen: Jorun Marie Kvernberg ( nr to frå venstre) spelar i Majorstuen- eit av dei mest kjende folkemusikkbanda i Noreg.

– I Majorstuen fekk fela nye roller, vart brukt på nye måtar og i nye samanhengar. Eg har merka meg at andre spelemannslag tok etter dette nye som vi innførte. Etter den første jubelen hadde lagt seg, melde det seg ein og annan tradisjonalist som murra over våre musikalske vegval, men vi har greidd å halde på trua på oss sjølve og det vi står for. No har vi halde på i 18 år og aktiviteten har vore høg. Majorstuen er eit kjært barn for meg som eg gjerne gjer ein ekstra innsats for.

I år fekk Majorstuen 300 000kr frå Norsk kulturråd til drift, og i mars i år kjem CD nr. 7, «Skrible».

I 2005 fekk Jorun Marie Edvard-prisen som TONO gir ut for ein komposisjon. Ho fekk den for eit tingingsverk til konserten i samband med opninga av NRKs DAB-kanal «Alltid Folkemusikk».

– Det var stor stas å få denne prisen, og eg er glad for at eg sa ja til tingingsverket, som den gongen var ei stor og heilt ny utfordring! Eg har ikkje vit til å tru at noko eg gir meg i kast med kan gå gale!

Jobbar for unge

Jorun Marie er glødande oppteken av å skape gode og inspirerande miljø for dei unge folkemusikarane i Møre og Romsdal. Og ho er i ferd med å lage slike møteplassar. I samband med Fylkeskappleiken i Fosnavåg i fjor vår var der fleire arrangement for dei unge, og høgdepunktet var festframsyninga med fire verk arrangerte for 21 unge musikarar frå fylket. Dette prosjektet, «Salte slåttar», var prosjekt nummer ein av fire for folkemusikk-ungdomar i fylket.

I Volda/Ørsta er interessa for folkemusikken god. Her er aktive spelemannslag og folkedanslag. Og Folkemusikkarkivet for Møre og Romsdal held til i lokale på høgskulen.

– Anna Gjendem er tilsett i halv stilling der. Ho har utdanning innan folkemusikk og folkedans, og er ein person som Volda/Ørsta kjem til å få mykje glede av. Eg er svært glad for å ha henne her, seier Jorun Marie.

Særleg Ørsta har ein rik songskatt. I verket «Norske folketoner fra Ole Mørk Sandviks samlinger», er 59 av 485 melodiar frå Ørsta!

– I haust hadde eg tre samlingar med vaksne songarar heime hos oss. Det var triveleg, og eg håpar vi kan halde fram med desse samlingane. Elles har eg ein talentfull ungdom som eg underviser i hardingfelespel. Stas!

Jorun Marie har mange lokale oppdrag framover. Ho skal ut på fleire turnear, og er full av visjonar for folkemusikken i heimefylket sitt.

– Til hausten skal eg i gang med eit prosjekt med tema Ørsta/Volda, som eg har fått støtte til frå Volda kommune, Møre og Romsdal Fylkeskommune og Rådet for Folkemusikk og folkedans. Det vert mellom anna seminar i folkesong, dans og felespel med utgangspunkt i tradisjonen frå Ørsta og Volda. Målet er å få overlevere denne sjangeren til endå fleire, og at bygdene sine eigne innbyggarar skal få vite kva skattar dei har i eigen tradisjon.