Ørsta kino og Restaurant- og matfag ved Ørsta vgs. inviterer 2. februar til premierearrangement på filmen Coco - med mat inkludert i billetten.

Vi er så heldige å ha fått med oss Restaurant- og matfag frå Ørsta vidaregåande skule, som skal servere oss eit stort utval av tapasrettar dei har henta inspirasjon til frå Mexico. Her blir det mykje spennande å smake på! For det meste kald mat, noko søtt og noko salt. Dei har blitt utfordra til å bruke popcorn som ein av ingrediensane, skal tru kva vi får servert?

Alle med billett får maten med på kjøpet, og buffeten er open i timen før filmen startar. Filmen har seksårs aldersgrense.

PS! Det er lov å kle seg ut, temaet er Mexico!

I kiosken vil du finne ekstra gode tilbod på brus/vatn i samband med dette arrangementet