Så har pelsbøndene fått nådestøyten. Dei har sju år på seg til å finne noko anna å leve av. Det er berre eitt år sidan fleirtalet i Stortinget avviste eit forbod. Men når koalisjonsregjeringar vert skipa vert korta blanda på nytt. Dermed vert Venstre ståande som næringa sin banemann.

«Typisk Oslo- Venstre», uttalte Venstre sin formannskapsmedlem i Ørsta, Gunnar Knutsen. Han har rett. Motstanden mot pelsdyrhald er størst mellom byfolk. For dei er dyr synonymt med kjæledyr som alle har namn, ikkje noko som kan skaffe inntekt og livsgrunnlag.

Vi som bur i distrikta har sett at pelsdyrbøndene er ærlege og hardtarbeidande folk. Dei prøver å skape seg eit levebrød på stadar der det er lita anna å leve av, enn eit gardsbruk i kombinasjon med til dømes pelsdyrhald.

Oppdrett av mink og rev har sjølvsagt sine betenkjelege sider. Det er ikkje mange generasjonar som har gått sidan desse dyra var ville. Dei er ikkje innesperra for å bli mat, men pynt. Men skrekkbileta som har dukka opp på TV med jamne mellomrom er ikkje representative. Nokre få har øydelagt for alle. Det har vi Mattilsynet sine ord på. Det har vore ein PR-kamp basert på kjensler, og den har pelsdyrhaldarane tapt. No har dei tapt den politiske kampen også.

«Vårt største nederlag i regjeringsforhandlingane», seier ein ærleg landbruksminister, Jon Georg Dale. Å vedta at nokon skal miste næringsgrunnlaget er dramatisk. No trengst det rause kompensasjonsordningar, og pelsdyrbøndene på stadar som Øye bør stå fremst i køen.

«Pelsdyrhald i verdsklasse», sa KrF sin stortingsrepresentant Steinar Reiten om pelsdyrmiljøet på Øye. Dei fine orda er på sin plass. Berre så synd at dei kjem i ein nekrolog.