Fivelstad er eigar og drivar av Villa Norangdal på Fivelstadhaugen.

– Det er veldig mange dyktige kvinner i Sjøforsvaret. Vi har hatt kvinnelege sjefar på andre fartøytypar før, og eg er heldig som blir det på fregatt, seier Iris Fivelstad til NRK.

Fredag vart ho Norges første kvinnelege skipssjef på fregatten KNM Otto Sverdrup, i ein høgtidelig seremoni på Sjøforsvarets marinebase Haakonsvern.

Fivelstad blir med dette øvste kommanderande på eit av Norges mest avanserte kampsystem og sjef for et mannskap på 130 personar.

Fivelstad seier ho tenkjer lite på at ho er den første kvinna i ei slik rolle.

– Eg får ofte spørsmål om det, men må innrømme at av og til så er det andre ting eg kanskje kunne tenke meg å snakke meir om.

– Det var på høg tid. Kvinnedelen vår har vore for lav, og det er veldig godt å få sånne gode forbilde som Fivelstad, seier sjef i Sjøforsvaret Nils-Andreas Stensønes.

Stensønes skildrar rolla som fregattsjef som utfordrande, og han meiner Fivelstad har dei kvalitetane som trengst.

Det var NRK som omtala saka fyrst.