Fordelt på 10 framsyningar, trekte filmen 831 publikummarar, opplyser kulturhussjef Janne M. G. Skarstein til Møre-Nytt.

Film nummer åtte i filmserien Fast & Furious kjem på andreplass med 712 gjester fordelt på ti framsyningar.

På ein god tredjeplass kjem Den 12.mann, om Jan Baalsrud si strabasiøse flukt med Gestapo i hælane. 711 personar såg filmen, fordelt på fem framsyningar. Denne filmen bikka langt over tusen publikummarar i løpet av januar, då det vart sett opp ekstraframsyningar grunna fulle hus og stor etterspurnad.

Totalt 15.883 personar gjekk på kino i Ørsta i 2017 fordelt på 429 framsyningar og 128 titlar.

I 2016 vart det selt 25.812 billettar, men kulturhussjefen seier seg likevel godt nøgd med tala for 2017, då teatersalen var stengt for renovering i perioden frå april til september i fjor. No er der nye stolar og eksklusiv lyd på plass for kinogjestene.

Dei mest sette filmane

1. Askeladden - I Dovregubbens hall (831)

2. Fast & Furious 8 (712)

3. Den 12. mann (711)

4. Fifty Shades Darker (586)

5. Marcus & Martinus - Sammen om drømmen (562)

6. Star Wars: The Last Jedi (både 2D og 3D) (548 + 470)

7. Trio - Jakten på Olavsskrinet (354)

8. Logan - The Wolverine (344)

9. The Boss Baby (327)

10. Skjønnheten og Udyret (både 2D og 3D) (319 + 316)

11. Snømannen (315)

12. Karsten og Petra på tur (315)

13. Adjø Montebello (307)

14. Karsten og Petra lager teater (299)

15. Ekspedisjon Knerten (298)

Stand-up og musikal  trekkjer ørstingar til kulturhuset. Dei mest  populære kulturarrangementa på Ørsta kulturhus i 2017 - utanom kino, og som trekte fulle hus:

– Terje Sporsem: Religion

– Kollaps i kulissene

– Konsert: Backstreet Girls

– Ørjan Burøe: Fordommer

– Volda vidaregåande skule, musikal: The Cream of Soul - trekte tre fulle hus

– Dyrene i Hakkebakkeskogen

– Romjulsfest med Broadline