På Møre-Nytt sine Facebook-sider går debatten. Ei av dei som har engasjert seg, er varaordførar Fride Sortehaug i Volda. Ho representerer Venstre, og forsvarar forliket mellom regjeringspartia.

Ho vart utfordra av Bjørn Ottar Krøvel, som håpte at ho ikkje meiner at Noreg ligg etter Europa med tanke på dyrevelferd

– Den generelle dyrevelferda i Noreg har eg vel ikkje uttalt meg om, men at andre land i Europa har kome lengre med tanke på forbod mot pelsdyroppdrett, og slik har vi lagt etter.

Bjørn Ottar Krøvel repliserer at dyrevelferda i Noreg udiskutabelt er blant dei beste i Europa.

– Men sjølvsagt er det ikkje perfekt. Men kva pelsdrift angår trur eg nok også at velferda er blant dei beste og heilt klart mest kontrollerte. So lenge det finst etterspørsel etter pels vil tilbydarar vere der. Og då er nok norsk oppdrett det beste av to vonde, skriv Krøvel.

Sortehaug presiserer at ho ikkje stiller spørsmål ved dyrevelferda.

– Der vil alltids vere nokon som ikkje gjer arbeidet sitt fullt ut, i alle yrkesgrupper, men i det store er dei fleste ryddige folk med arbeidsmoral. Så er spørsmålet om vi ynskjer ei slik næring. Der er mitt svar nei. Eg ynskjer ikkje det. Så håper eg at vi og får eit importforbod mot den type pels, så det faktisk utgjer ein forskjell, svarar Sortehaug.

Andre har også engasjert seg. Nokre fryktar at forbod mot anna dyrehald etter kvart vil kome, medan andre ser på semja i regjeringa som eit åtak mot distrikta.

Nokre meiner også det er ei sjølvmotseiing at det skal vere eit forbod mot pelsdyrhald i Noreg, samstundes som import av skinn er lovleg.

Pelsnæringa skal avviklat, og dette engasjerer. Foto: Ivar Lid Riise