Eitrefjell har den høgste registrerte snømengda i landet.

Det skriv Dagbladet.

På Eitrefjell er det registrert 168 cm med snø. Målestasjonen ligg 690 meter over havet.

På Austlandet har det ikkje vore så mykje snø i låglandet sidan 2010. På Blindern er det registrert 41 cm snødjupne. Snøfallet skapte store problem og kaos i trafikken.

Og det er gode moglegheiter for at det kvite vert liggande ei god stund, for meteorologane melder at vinterkulda frå Sibir no kjem sigande.

Til Dagbladet seier statsmeteorolog Vibeke Thyness ved Meteorologisk institutt at snøen nok vil ha gode forhold for å bli liggande, minst ei veke framover. Og det gjeld over heile landet, der snøen allereie har lagt seg.