– Gjennom dei 35 åra eg har vore politikar, har Ørsta kommune aldri hatt meir pengar på bok. Eg kjøper ikkje pengeargumentet for større kommunar.

Det seier ordførar Stein Aam (Sp). Han avviser på det sterkaste at saka om grensejustering for Bjørke/Viddal har aktualisert kommunesamanslåing med Volda, slik mellom anna leiar i levekårsutvalet og dagleg leiar for Ørsta næringskontor, Odd Magne Vinjevoll, har hevda.

– Då må vi hugse kva som skjedde under folkerøystinga for to år sidan. Eit endå større fleirtal i Volda enn i Ørsta sa nei til å slå saman kommunane. Kommunestyra følgde råda frå folkerøystingane, og difor er det enkelt for meg å seie at saka om kommunesamanslåing er lagt død. I alle fall for denne kommunestyreperioden, seier Aam.

Inga pengeknipe

I samband med budsjetthandsaminga i november og desember kom det fram at Volda kommune har meir pengar å rutte med enn Ørsta. Årsaka er at Volda får tilført meir i statlege overføringar enn kva Ørsta gjer. Volda får meir statlege midlar som ein bonus for å slå seg saman med Hornindal kommune.

Aam registrerer dette, men går ikkje med på at Ørsta er i noko pengeknipe.

– Vi har aldri hatt meir pengar på bok enn no. Og pengane renn ikkje ut, insisterer Aam.

Han vedgår at Ørsta kommune no investerer tungt.

– At det medfører at vi for tida har stramme budsjett, er rett. Men vi byggjer altså fleirbrukshallen. Vi skal satse på kulturhuset i sambandet med at Ørsta får ny vidaregåande skule. Vi skal i gang med forprosjektet med nytt symjebassen neste år, og vi skal satse på skular i Hovdebygda, på Sæbø og i sentrum. Vi byggjer ny tømmerterminal, og ikkje minst lagar vi ny sentrumsplan som skal gje investeringslyst.Dette er det teke høgde for, og dette skal vi greie, seier Aam.

– Ingenting hadde skjedd

Han peikar også på at det siste åra har kome brannstasjon, at legesenteret snart er innflyttingsklart, og at det har kome ny skule på Vartdal. I tillegg til satsingar i eldreomsorga.

– Det er ein driv i Ørsta kommune det knapt har vore tidlegare. Dette hadde ikkje skjedd med eit ja til kommunesamanslåing. Då hadde vi sete der og forhandla og diskutert med Volda, og ingenting hadde skjedd, seier Aam.

Likevel, Aam trur ikkje samanslåingsdebatten er lagt død for alltid.

– Dette vil handle om kva regjering og storting vil gjere. Det kan kome nye måtar å fordele dei offentlege oppgåvene på. Allereie no vert det peika på at det skal kome større regionar, som Molde-regionen, Ålesunds-regionen og Søre Sunnmøre. Men førebels ser eg ingen grunn til å ta opp att debatten, insisterer Aam.

Bjørke/Viddal

Han følgjer no med på kva som skjer i krinsane Viddal og Bjørke. Innbyggjarundersøkinga er i gang, og dei fyrste telefonane til innbyggjarane om kva kommune dei skal høyre til, har kome.

– Eg har vorte kritisert for at eg har vore for forsiktig med å gje råd i denne saka. Det grunnleggjande synet mitt er at eg og kommunestyret skal lytte til det rådet innbyggjarane på Viddal og Bjørke gir oss. Skulle det skje at det bikkar over femti prosent for å flytte krinsane til Nye Volda kommune, ja då vil eg lytte til det, seier Aam.

Han presiserer likevel at han håper det ikkje skjer. Han trur det ikkje heller.

– Eg vil gjerne behalde Bjørke og Viddal, Det er tragisk viss Hjørundfjorden vert delt, spesielt av omsyn til reiselivssatsinga. Vi har også i siste kommunestyreperiode bevist at vi satsar på utkantane. Samstundes forstår utkantane at vi må ha eit sterkt sentrum. Dette er ein viktig balanse, seier Aam.