– Men det må kome ei bomstasjonsløysing som Stortinget aksepterer for at det kan kunne krevjast inn bompengar på førehand.

Slik oppsummerer Svein Sunde i Nye Vegar AS stoda for samferdselspakken for Ørsta og Volda. Sunde sit i arbeidsgruppa for prosjektet, og har vore med på å gje ei felles og samrøystes tilråding for kva prosjekt som skal vere med, og kvar bomstasjonane skal vere.

Han viser til at bakgrunnen for saka er vedtak i kommunestyra i Ørsta og Volda om at E39 skal liggje utanfor sentrumsområda.

– I dag har vi kome så langt at vi ser ut til å få lagt E39 utanom Volda sentrum med Voldatunnelen, peikar Sunde på.

Då dette prosjektet fekk klarsignal, kom det ei styringsgruppe og ei arbeidsgruppe med representantar peika ut av Ørsta og Volda kommunar – og Statens vegvesen.

Tilrådinga frå desse gruppene er klar. Denne seier at det skal vere ein samferdselspakke på 1,5 milliardar kroner. Sjølve Voldatunnelen med trafikkløysingar i Volda sentrum som direkte følgjer av denne, er på 1,14 millionar kroner. I tillegg kjem andre prosjekt på nærmare 400 millionar kroner.

Desse prosjekta og plasseringa av bomsnitta er avgjerande for at det kan kome ein samferdselspakke eller ikkje.

– For at vi skal kunne få godkjent ei forskotsinnkrevjing i Stortinget må vi ha fleire prosjekt enn sjølve Voldatunnelen, og det må vere ei plassering av bomsnitta som Stortinget aksepterer, seier Sunde.

Det vil seie at bompengesnittet må vere på den vegen som vert erstatta. Det er E39 mellom Furene og Volda sentrum. Der er også det fyrste bomsnittet føreslege.

– Men eg har registrert at det er ein divergens i Volda formannskap om dette, seier Sunde.

Viss ikkje det vert ein pakke etter regelboka, vil Stortinget truleg seie nei til ein samferdselspakke, og då må Voldatunnelen finansiert med bompengar på etterskotsvis.

Det er lagt opp til ein bompengepris med to alternativ, tjue kroner eller tjuefem kroner per passering før rabattar.

– Seier Stortinget ja til ein pakke, kan vi byrje på dei andre prosjekta før Voldatunnelen, fordi vi då har ei finansiering, seier Sunde.