Det seier diakon Betty Søvik. Kvar torsdagskveld samlast ei gruppe kvinner på kyrkjekontorer for prat og samhald, men få norske kvinner tek turen.

– Det synest vi er så synd. Eg brenn verkeleg for integrering, og kva betre måte å bli integrert på enn å få snakke med lokale kvinner, spør Søvik.

Ho oppmodar fleire norske kvinner om å strekke ut ei hand og vere eit medmenneske.

– Det betyr så mykje, og norske kvinner vil få like mykje att i møte med innvandrerkvinnene. Dette er ein uformell møteplass der ulike kulturar kan møtast. Det gir ny forståing for kvarandre – og det går begge veger. Nordmenn har vel så mykje å lære om andre kulturar som andre kulturar har å lære om oss.

internasjonalt kvinnetreff: Kvar torsdag på kyrkjekontoret er det internasjonalt kvinnetreff på kveldstid.

Større forståing

Søvik fortel at det er ein god tone på treffa, og at det handlar om å snakke, kanskje hjelpe til med litt leksearbeid for dei borna som er med, og lære kvarandre å kjenne.

– Det er ein ting å lære norsk for dei som går på introduksjonsprogrammet, det er ein heilt annan ting å kunne få praktisere det og forstå det muntlege – på ørstadialekt. Her får innvandrarkvinnene også ei større forståing for kva Noreg er, og kva Noreg står for, meir enn kva dei får på skulebenken. Det er ikkje alt som kan lærast ved å lese bøker.

Om lag fem norske kvinner bruker å møte opp, og Søvik rosar innsatsen dei legg ned. Og ho håper enno fleire vil ta turen.

–Stikk innom og hels på oss. Sjå litt kva vi gjer. Det er ikkje nødvendig å vere der kvar einaste torsdag eller å vere der heile kvelden. Og dess fleire norske som kjem, dess fleire er det å dele på.

Har fått jobb

Søvik fortel at nokre av dei som har vore på kvinnetreff har fått seg jobb fordi dei har vorte flinkare i å snakke norsk og har fått meir forståing for norsk kultur.

– Så dette nyttar. Når du ikkje forstår kulturen, er det mykje du kan gjere feil fordi du ikkje forstår korleis alt fungerer eller heng saman. Vi som samfunn må sjå innvandrarane våre og vere med på å integrere dei. Dette er ein god måte å gjere det på. Her kjem alle og er like. Dei som kjem hit ønskjer å lære, så ta turen, og ver med og gjere ein forskjell, for dei som verkeleg ønskjer det, oppmodar Søvik.

internasjonalt kvinnetreff: Kvar torsdag på kyrkjekontoret er det internasjonalt kvinnetreff på kveldstid.