Vedfyringa går litt ned her i landet, og samtidig har bruken av meir miljøvennlege omnar auka kraftig.

Halvparten av svevestøvutsleppet i Noreg kjem frå vedfyring, opplyser Statistisk sentralbyrå (SSB).

Det vart brent i overkant av 1,1 million tonn ved i Noreg i 2016. Dette er ein liten nedgang frå 2015. Berekningane viser at det vart brent om lag 30.000 tonn mindre ved i bustader i 2016 enn i 2015.

Vedforbruket i fritidsbustader utgjorde 21 prosent av det totale norske forbruket.

Ifølgje familie- og hushaldsstatistikken var det 2,3 millionar hushald i Noreg i 2016. Om lag halvparten, 1,2 million, har fyrt med ved i bustadene sine.

Same år hadde 60 prosent av hushalda som fyrte med ved, omnar med ny teknologi. Omnar med ny teknologi er meir energieffektive enn omnar med gammal teknologi, og dei slepper ut mindre svevestøv. Fyring med ved i bustader og fritidsbustader er den største kjelda til utslepp av svevestøv.

Ved er framleis den viktigaste energikjelda til oppvarming i norske hushald etter elektrisitet.