Tine tek del i Den Norske Paviljongen under Grüne Woche. Det er Landbruks- og matdepartementet som står bak Den Norske Paviljongen i nært samarbeid med Innovasjon Norge og ambassaden i Berlin. Dette er den største satsinga Landbruks- og matdepartementet gjer i utlandet. Standen blir opna av Mat- og Landbruksminister Jon Georg Dale. Den norske deltakinga er eit ledd i å bygge Norge som mat- og reiselivsnasjon.

– Noreg si deltaking på Grüne Woche skal bidra til å styrke omdømmet for norsk mat og reiseliv, heiter det frå departementet.

– Grüne Woche er ein fin møteplass med tyske forbrukarar og Nord-Tyskland er det området vi sel mest. Vi presenterer dei produkta vi sel i Tyskland, men også ei rekkje nisjeprodukt. Snøfrisk frå Ørsta er blant dei produkta vi har med, seier eksportdirektør Unni Sjøflot i Tine i ei pressemelding.

Over 1.600 utstillarar, meir enn 100.000 produkt frå heile verda og omkring 400.000 besøkjande er venta til årets Grüne Woche.