– Statsråden er frå Volda og han har god kjennskap til det pelsdyrmiljøet i verdsklasse som gjennom generasjonar har gitt grunnlag til busetjing og næringsverksemd i den vesle bygda Øye i nabokommunen Ørsta.

Les også: I sjokk etter pelsdyrforbod

Orda tilhøyrer Steinar Reiten (KrF) frå spørjetimen i Stortinget onsdag. Krf-politikaren viste til sitt eige besøk på Øye for to år sidan med Mørebenken.

– Vi besøkte pelsfarmar der alt var på stell, med god dyrevelferd, noko som og vart stadfesta av Mattilsynet.

Pelsdyroppdrettarane på Øye har omtala avvikla av næringa som ein katastrofe for bygda. Reiten ville vite om landbruksministeren framleis trur det mogleg å få til ei omstilling til ny næringsaktivitet på Øye med tanke på topografi og næringslivet på staden.

– Eg besøkte pelsdyrbøndene på Øye i fjor, og det er ingen tvil om at det er flinke folk som er opptekne av dyrevelferd. Difor hadde vi eit anna utgangspunkt enn det som no blir konklusjonen. Eg skal gjere mitt for at vi får til ei omstilling som også dei kjem tenleg ut av, sa Dale.

Les også: Protesterer på pels-forlik

Landbruksministeren understreka at er det noko som sunnmøringar kan så er det å omstille seg.

– Dei pelsdyrbøndene som eg er minst bekymra for er dei som bur i fjord med store nye moglegheiter. Hjørundfjorden er Sunnmøre sitt nye Geiranger. Koplinga mot turisme er stor, veksten rundt hotellet er formidabel og der er enormt mykje driftige folk som er i stand til å finne nye bein å stå på. Vi skal gjere det vi kan for å lette den omstillinga, sa Dale.

Les også: Vårt største tap

Jon Georg Dale Foto: Arkivfoto