– Vi hadde ein gjennomgang av presentasjonen, jobba i grupper og vurderte dei ulike alternativa etter ein spesiell metodikk som var fastsett. Ut frå ei slik vurdering var det eit scenario som skilde seg ut, og det var scenario tre, seier viseadministrerande direktør Helge Ristesund i Helse Møre og Romsdal.

Helseføretaket hadde invitert dei tilsette til dialogmøte om utviklingsplanane til Volda sjukehus tysdag. Tre ulike scenario om utbygging ved sjukehuset vart presentert og drøfta. Alternativet som dei tilsette no har gitt signal om som mest ønskeleg vil gje utbygging på om lag 3.500 kvadratmeter.

– Eit nytt sengebygg byggjast over parkering på nordsida av eksisterande bygg. Bygget får 2 etasjar med sengepostar med totalt 56 nye ein-sengerom. Føde/barsel på plan 3 skal behaldast. Sengeareal i eksisterande bygg vert frigjort i plan 3 og 4 gjev plass til dagbehandling, poliklinikk og endoskopi, heiter det i presentasjonen.

Forslaget gjev moglegheiter for at akuttmottaket får auka areal til observasjonspost ved å ta areal frå poliklinikk på plan 1. Laben vil og halde på plasseringa si.

– Sengepostar får heilt ny «tidsmessig» løysing med standardiserte einerom med eige bad. Operasjon skal behaldast slik den er, men få noko utvida areal ved at endoskopi og skiftestove flytter opp til plan 3 eller 4.

Ristesund omtalar dialogmøtet tysdag som svært konstruktivt.

– Innspelet vi fekk tysdag er eit av fleire innspel før det endeleg skal konkluderast. Møtet vi hadde var veldig konstruktivt. Vi vart møtt av eit stort engasjement. No skal vi arbeide vidare med planane og vi skal ta med innspela inn i arbeidet.

– Kva er det som konkret skal skje vidare i prosessen?

– Det er fleire vurderingar som skal gjerast. No har dei som arbeider med t.d. pasientbehandling gjort ei vurdering, så må og dei som styrer med drift og vedlikehald gjere ei vurdering. Så skal det også gjerast ei økonomisk vurdering. Det er mange vurderingar som skal gjennomførast før det vert gjort ei totalvurdering. Igjen blir det eit spørsmål om økonomisk handlingsrom på lang og kort sikt.