Volda skisenter, Reset, har planar om å bygge eit nytt idrettsbygg som skal innehalde plass til skiutleige, billettering, smørjebod, møterom og lager for vedlikehald og driftsmateriell. I tillegg skal huset nyttast av Volda Røde Kors til aktivitetar som kurs og lagring av utstyr.

Skisse - nytt idrettsbygg på Reset Foto: Mulvik

No søkjer skisenteret om kommunal garanti for lånet frå Volda kommune, og administrasjonen rår politikarane i formannskapet til å gi dette. Den kommunale garantien er på eit lån på 4 millionar kroner.

Økonomisk resultat til skisenteret vert påverka av vêrforhold. Sesongar med lite snø gir mindre inntekter og dermed dårlegare resultat. Med nytt idrettshus ser skisenteret moglegheita for meir leigeinntekter, noko som kan vere med på å betre resultat i sesongar med mindre snømengder, står det i sakspapira frå administrasjonen til politikarane i Volda kommune.