Formannskapet i Ørsta protesterer på pels-forliket til den nye regjeringa. I ei samrøystes fråsegn ber formannskapet om at den nye regjeringa vurderer konsekvensane for distrikta.

Det var søndag det vart klart at det kjem ei ny regjering i Noreg, samansett av Høgre, Frp og Venstre. Eitt av vilkåra venstre sette for å gå inn i regjeringa, var ei styrt avvikling av pelsdyrhald i Noreg. Det sa dei to andre partia ja til, og pelsdyrhaldet skal avviklast innan 2025.

– Ørsta formannskap reagerer sterkt på at ei berekraftig distriktsnæring som pelsdyroppdrett vert ofra for ein avtale mellom Høgre, Venstre og Frp, heiter det i fråsegna, og peikar på at dette gjeld 200 gardsbruk og 400 årsverk over heile Noreg.

Formannskapet ber regjeringa og Stortinget vurdere saka på nytt, og ta omsyn til distriktsarbeidsplassane dette gjeld.