– Legane kan disponere legesenteret frå 1. mars. Vi har planlagt flytting til senteret første helga i mars. Men vi er avhengig av at overtakinga av bygget går som vi ventar, og at bygget fungerer slik vi har von om. Vi har ingen indikasjon på at ting ikkje vil gå etter planen.

Det fortel prosjektleiar for bygg i Ørsta kommune, Øystein Mårstøl.

Bygginga av det nye legesenteret starta hausten 2016, og byggjeprosessen har gått heilt etter planen.

– Alt har gått slik det har vore planlagt, også den økonomiske biten der det ikkje ligg an til overskridingar. Og Veidekke har stått på og gjort ein god jobb, konstaterer Mårstøl nøgd.

Sjølv om legane får disponere nybygget frå 1. mars, er det opp til dei kva tid dei vil ta i bruk bygget, og sleppe inn pasientane.

Hektisk

– For tida er det hektisk aktivitet i nybygget og mange fagarbeidarar er i arbeid. No handlar arbeidet m.a. om å kle siste del av bygget utvendig. I tillegg vert det utført mykje innreiingsarbeid og montering i bygget, m.a. montering av sprinkelanlegg, fortel Mårstøl.

Sjølv om overtakinga av bygget er fastsett til 21. februar, vil entreprenøren seinare utføre litt arbeid for prosjektet.

– Eit par veker etter overtakinga vert det slått hol i gamlebygget, slik at det vert passasje mellom det gamle og nye legesenteret. Og når snøen forsvinn skal uteområdet såast til og det skal oppmerkast, fortel kommunen sin prosjektleiar.

Legesenteret er oppført i tre etasjar i tillegg til underetasje. I dei to øvste etasjane er det bygt 20 omsorgsbustader knytt til eldreomsorga. Det er også bygt parkeringshus for tilsette og pasientar. I tillegg til mottak og behandling av pasientar, skal nybygget også huse legevakt.

Legesenter-saka skapte stor kontrovers og dels rabalder i kommunestyret før prosjektet vart samrøystes vedteke til ein prislapp på 114 millionar kroner. Den opphavlege planen var å leige lokale i Nordea-bygget, men dette vart avvist av kommunestyret. Då vart det i staden gjort vedtak om å prosjektere eit nytt helsehus på Bakk-Ola-marka. I dag er nok mange glade for at Ørsta får eit hypermoderne lokale for legetenesta, ikkje minst dei tilsette som har arbeidd under kummerlege forhold i mange år.

Nøgd: Prosjektleiar Øystein Mårstøl, er godt nøgd med det nye legesenteret. Foto: Joachim Åsebø