Avgjerda er teken av eigedomsseksjonen i Ørsta kommune i samråd med rådmannen og ordføraren.

Søre Sunnmøre fastsette ein tomtepris på 690 kroner kvm for det om lag 18.000 kvm store arealet. Det vil seie at kommunen må ut med om lag tolv millionar kroner for å løyse inn arealet.

Grunnen til at kommunen ikkje vil anke skjønet, er at tingretten har lagt seg på om lag same prisnivå som lagmannsretten gjorde for eit tilstøytande område i 2016. Då tvilar kommunen på at lagmannsretten vil endre prisfastsetjinga.

Kommunen har vidare lagt vekt på at det er vesentleg at Ørsta kommune kan stille med byggjeklare tomter så tidleg som mogleg i 2018 der kjøparane har fått avklart kva pris dei skal betale for tomtene. Dette er avhengig av når bygginga av teknisk infrastruktur er ferdig. Administrasjonen arbeider med å få fram sak til Ørsta formannskap om tomteprisar og salsvilkår. Målsetjinga er å leggje fram sak til formannskapet 6. februar 2018.

Rune Sæbønes