Vatne grunneigarlag ber Ørsta kommune om politisk handsaming av plasseringa av bom i Vatnedalen.

I fjor bestemte Volda og Ørsta kommunar seg for at vegen gjennom Vatnedalen vart stengd for vinteren. Bommen som er sett ut for å markere den vinterstengde vegen har ført til reaksjonar, og no ber Vatne grunneigarlag om saka blir behandla politisk i Ørsta.

– Vatne grunneigarlag reagerer sterkt på plasseringa av ny bom i Vatnedalen i samband med at vegen vart vinterstengd. Plasseringa av den nye bommen gjer at over tjue grunneigarar har fått redusert tilgjengelegheit til sine skogseigedomar i Vatnedalen. Den nye bommen er plassert utan at vi som grunneigarar har fått uttalt oss og utan politisk handsaming, heiter det i eit brev frå leiar Per Are Sørheim i Vatne grunneigarlag.

Grunneigarlaget ber no at samfunnsutvalet i Ørsta kommune tek opp saka til politisk handsaming.

– Vi synest at prosessen har vore uryddig. Når kommunen gjer eit vedtak om å stenge ein offentleg veg i delar av året fører det til at vi som grunneigarar får redusert tilgang til våre eigedomar, så bør ein ha ei høyring av kva ulemper dette vil medføre.