Helse Møre og Romsdal har arbeida med ein bygningsmessig utviklingsplan for sjukehuset i Ålesund og i Volda. Prosjektgruppa, som består av tilsette, representantar frå tillitsvalde, verneteneste og brukarane, har invitert til dialogmøte og idedugnad med tilsette, tillitsvalde og verneteneste ved sjukehusa i Volda og i Ålesund. Ifølgje helseføretaket er formålet med møta informasjon og medverknad. Møtet i Volda vert halde tysdag 16. januar. Her vil det bli lagt fram tre scenario for bygningsmessige tiltak.

Felles for alle forslaga er at biletediagnostikk held på si plassering, men kan få noko ekstra areal i eksisterande bygg til m.a. ein større MR. Kontorareal i plan 5 vert som i dag. Det vert etablert luftsmitteisolat i avdelinga for intensiv og sengepost.

To tilbygg

I det første scenariet er det foreslått to tilbygg til dagens byggmasse.

– Mindre tilbygg som gjev arealauke og betre løysing for akuttmottak, poliklinikk, intensiv/postop, lab. og delvis sengeområde. Sengepostar skal behaldast i hovudsak slik dei er, men får tilføydd 4–6 ein-sengerom i kvar etasje (plan 3 og 4). Operasjon skal behaldast, men får auka areal til postop. og intensiv, heiter det i presentasjonen.

I forslaget vil akuttmottaket behaldast og utvidast med cirka 180 kvadratmeter. Poliklinikken vil bli utvida, i tillegg til laben. Intensiv avdelinga ligg inne med ei utviding på cirka 410 kvadratmeter og det vil kome nye sengerom.

Nytt behandlingsbygg

Det andre scenariet omhandlar eit nytt behandlingsbygg med operasjon og intensiv som vert bygt over parkering på nordsida av eksisterande bygg.

– Areal i eksisterande bygg vert frigjort i plan 2 og gir plass til dagbehandling, poliklinikk og endoskopi. Medisinsk poliklinikk kan vurderast å flytte til plan 2. Akuttmottak får mogleg auka areal til observasjonspost ved å ta areal frå poliklinikk i plan 1. Lab. kan behalde si plassering.

I forslaget er det planlagt at sengepostane vert behalde omtrent som i dag, men det er mogleg å få einsengsrom der det i dag er dagbehandling og endoskopi.

Behandlingsbygg: Nytt behandlingsplass i ei etasje er det andre scenarioet.

Nybygg for sengeplassar

Det tredje scenariet omhandlar eit nybygg med sengeplassar.

– Eit nytt sengebygg byggjast over parkering på nordsida av eksisterande bygg. Bygget får 2 etasjar med sengepostar med totalt 56 nye ein-sengerom. Føde/barsel på plan 3 skal behaldast. Sengeareal i eksisterande bygg vert frigjort i plan 3 og 4 gjev plass til dagbehandling, poliklinikk og endoskopi.

Forslaget gjev moglegheiter for at akuttmottaket får auka areal til observasjonspost ved å ta areal frå poliklinikk på plan 1. Laben vil og halde på plasseringa si.

– Sengepostar får heilt ny «tidsmessig» løysing med standardiserte einerom med eige bad. Operasjon skal behaldast slik den er, men få noko utvida areal ved at endoskopi og skiftestove flytter opp til plan 3 eller 4.

Nybygg for sengeplassar: To etasjar med sengeplassar i eit nybygg er scenario tre.

Utgåtte alternativ

I tillegg til dei tre forslaga som vert presentert tysdag er det fleire alternative løysingar som no er lagt vekk. Eit nybygg for psykiatri, påbygg over ambulanse og akuttavdeling, eige parkeringshus og færre små tilbygg i tillegg til eige bygg for laboratorium vert no omtalt som utgåtte scenario.

Innan 14. februar skal prosjektgruppa ha anbefalt eit scenario som vert oversendt styret i Helse Møre og Romsdal.