– Det er no avklart, for Avinor har presisert at dei nye høgderestriksjonane for flyplassen ikkje lenger er til hinder for at ei rundkøyring kan byggjast der dagens kryss ligg, seier teknisk sjef Rolf Magnus Sundgot i Ørsta kommune.

Det var rett før jul det kom informasjon frå Avinor at Ørsta – Volda lufthamn hadde fått ei ny sertifisering, og at denne innebar at mykje av bandleggingane i flyplassområdet vart fjerna.

Likevel var det uvisst kva dei nye retningslinene hadde å seie for området aust for flyplassen, altså mot Ørsta.

Desse avklaringane har no kome, og gjer at nye mulegheuiter opnar seg for arealdisponeringa i området.

I gjeldande reguleringsplan er flyplasskrysset flytta nokre titals meter nedover i Hovdebakken for å stette dei krava som galdt inntil årsskiftet. Det er ei dyr løysing.

– No er det mogleg å etablere ei rundkøyring der dagens kryss er. Der er det flatt, og det vil verte eit rimelegare tiltak, seier Sundgot.

Planprosessar

Han presiserer at det må setjast i gang ymse planprosessar for heile flyplassområdet for å finne ut kva løysingar som skal kome.

– No peikar vi berre på mulegheitene dei nye retningslinene gjev. Vidare må vi gjennom planlegging finne ut korleis områda skal nyttast. Det kan skje gjennom ein områdeplan, eller gjennom fleire og mindre detaljplanar, seier Sundgot.

I tillegg til området ved flyplasskrysset, peikar han også på området vest for flystripa.

– No er det mogleg at vi kan leggje lenginga av Torvmyrvegen til eit nytt kryss/rundkøyring ved NAF-bana. Slik var det ikkje tidlegare, seier Sundgot.

Han minner om at det allereie er avklart at breidderestriksjonane er mykje mindre strenge. Det vil seie at området nord for E39 og eit område sør for dagens rullebane også kan utviklast.

Difor vert det komande torsdag kalla inn til eit folkemøte på Ørsta rådhus om dei nye hinderflatene til Ørsta-Volda lufthamn.

– Her vil Avinor informere om kva desse restriksjonane inneber, og vi i kommunen ynskjer dialog og innspel til korleis areala kan nyttast, seier ordførar Stein Aam.