Det seier Jon Arne Nordang, Svein Arne Øye og Jetmund Øye i Norangdal. Dei er pelsdyroppdrettarar, og fekk søndag ettermiddag, utan forvarsel, vite at dei må leggje ned drifta innan 1. januar 2025.

Det er resultatet etter at partia Venstre, Høgre og Framstegspartiet er samde om å danne ei ny regjering. Og når Frp og Høgre bind seg til denne avtalen, er det ikkje lenger fleirtal i Stortinget til å halde oppe drifta av pelsdyr i Noreg.

Tre farmar att

I Norangdal er det no sju gardsbruk i drift. Av desse har tre pelsdyroppdrett som ei viktig attåtnæring.

– Det er grunna pelsdyrhaldet at vi greier å halde oppe den andre drifta. I gode år med gode prisar for pels, får vi sett av pengar, og investert i andre område på bruket. Eg skjønar ikkje korleis det vil gå når dette grunnlaget vert teke vekk frå oss, seier Nordang.

Han og dei andre pelsdyroppdrettarane reagerer sterkt på avtalen som er gjort mellom regjeringspartia.

– Dette er ei distriktsnæring. Ho er ikkje subsidiert, og vi medverkar til eksportoverskot. Vi hadde verkeleg ikkje venta frå Høgre og Frå at dei berre vil leggje ned ei heil næring, og ei næring som er lønsam. No undrar vi oss over om det kan kome nye åtak på andre delar av landbruket, seier Nordang.

Stortinget sa ja i fjor

Pelsdyrfarmarane hadde ikkje fått nokon signal om at næringa deira var i spel under regjeringsforhandlingane. Difor vart også sjokket så stort søndag ettermiddag. Det er ikkje meir enn eitt år sidan at Stortinget vedtok at pelsdyrnæringa skulle halde fram i Noreg.

– Det vedtaket kom etter fleire år med vurderingar, der den raudgrøne regjeringa tinga ei utgreiing. Spørsmålet vart om det skulle verte ei styrt avvikling, eller ei berekraftig utvikling. Stortinget valde det siste, kommenterer Svein Arne Øye.

Pelsdyroppdrettarane i Norangdal trur nok løpet for dei er køyrt no. Kva dei skal livnære er dei ikkje så sikre på.

– Nokon seier at vi kan auke på med dei andre driftsformene. Men her i bygda er det ikkje nok jordbruksareal til at vi kan auke talet på mjølkekyr. Og viss det vert snakka om sauer, er det jo allereie ein overproduksjon i Noreg. Det er ikkje berre å svitsje over til ei anna driftsform, seier Svein Arne Øye.

Og Jon Arne Nordang avviser at dei skal satse på reiseliv.

– Det er mange som lovprisar reiselivsnæringa. Men det er få som fortel om tala i den næringa. Der er det mykje raude tal, seier han.

Pelsdyroppdrettarane i Norangdal fryktar at det vil verte slutt på drifta før fristen som er sett i årsskiftet 2024/2025.

– Årsaka til det er at fleire kan bestemme seg for å leggje ned før den tid. Då vil vi vere færre som kan finansiere fôrproduksjon og frakt av for. Kostnaden kan verte for høg for oss, seier Nordang.

Dyrevelferd

Når regjeringa no har bestemt at næringa skal leggjast, er argumentet for det dyrevelferd. Pelsdyroppdrettarane på Øye meiner dei driv ei etisk forsvarleg næring.

– Vi har dei siste åra konsentrert oss mykje om dyrevelferd. Og vi vert passa på. I løpet av dei to siste åra har eg hatt tretten inspeksjonar, seier Jon Arne Nordang.

Svein Arne Øye viser til at veterinærforeininga sentralt har gått inn for å avvikle næringa.

– Men veterinærar som kjem til oss, og også folk frå Mattilsynet, uttrykkjer eit heilt anna syn, seier dei.

Uansett nærmar det seg no slutten for ei næring som har gjeve livsgrunnlag i Norangdal i svært mange år. Og galgenhumor har oppdrettarane.

– Pelsdyrfarmane våre vert vel no kulturminne.

I SJOKK: Pelsdyroppdrettarane Svein Arne Øye, Jon Arne Nordang og Jetmund Øye vart sjokkerte søndag, då dei fekk vite at livsgrunnlaget deira vart vekkforhandla i regjeringsdrøftingane. Foto: Rune Sæbønes