– I 2016 hadde vi registrert og rykka ut på 92 hendingar. I 2017 auka det vesentleg til 104 hendingar, seier brannsjef Thomas Winther Leira.

I løpet av 2017 var det tre større brannar. I slutten av januar melde ein hytteeigar frå om brann i ei hytte, bil og uthus på Rognestøylen. I starten av august brann eit bustadhus ned til grunnen på Åmås, og i september vart eit ikkje-busett hus på Vartdal totalskadd i brann.

– Vi har hatt åtte brannar som er definert som bygningsbrannar i løpet av 2017. Dette omhandlar t.d. pipebrannar, men det er tre brannar som har vore av vesentleg storleik. I 2016 hadde vi registrert fire bygningsbrannar, og sånn sett er det ei dobling. Denne toppen er ikkje noko vi ønskjer, men noko vi jobbar kvar dag med å førebyggje.

I samband med brannane vart det berre materielle skader.

– Det var berre i samband med ein av brannane at det budde folk på staden, og dei hadde kome seg i tryggleik før vi var på staden.

Ørsta brann og redning er ein viktig del av beredskapen i samband med trafikkulykker i kommunen. I 2017 rykka det lokale brannvesenet ut på til saman tjueein trafikkulykker, like mange som i 2016. Den mest spesielle ulykka var med bilen som delte seg i to ved Barstadvik i november.

– I 2017 var det ein vesentleg auke i automatiske brannmeldingar. Desse er gjerne tilknytt litt større bygg. I 2017 var det tjueni slike meldingar mot cirka tjueein 2016.

Gjennom fjoråret var Ørsta brann og redning i arbeid då ein båt lak olje, i samband med steinraset ved Rjåneset, pumping av vatn i kjellarar, bistand til helse og restverdiredning.

– Det har vore eit variert og innhaldsrik fjorår.

I tillegg tok Ørsta brann og redning i bruk den nye brannstasjonen i sentrum, og ny brannbil og kommandobil er på plass.

– Dette har fungert veldig godt. Vi er strålande godt nøgde med kva vi har fått, men det har også noko med kva vi hadde.

– Kva andre behov melder seg i framtida?

– I sentrum har vi tenkt på stigebil, men hovudfokuset mitt er dei andre stasjonane. Vartdal skulle hatt ei opprusting med ny bil og ny stasjon, men mest truleg er opprusting av stasjonen meir aktuelt. Det same gjeld Sæbø, men det er litt i planleggingsfasen. Vi må satse på bygdene.

Dobling: Det var ei dobling i bygningsbrannar frå 2016 til 2017. Brannsjef Thomas Winther Leira seier at denne utviklinga er ikkje ønskeleg. Foto: Joachim Åsebø