– Sæbø ligg i parabolskugge, og Riks-tv er berre bygt ut med NRK-kanalane. Difor har vi i ei årrekkje hatt ein avtale med Canal Digital om kabelfjernsyn. Men fordi dette kabelselskapet no sluttar å sende analoge signal, misser vi tilbodet, fortel styreleiar Torbjørn Slettedal i Sæbø kabel-tv.

Frykta å misse OL-sendingane

Opphavleg skulle signala kuttast 1. januar, men så vart dette utsett til 1. februar. Då frykta medlemmene i Sæbø kabel-tv at dei ville misse OL-sendingane som går på TV-Norge-plattforma. Men torsdag kveld fekk Sæbø kabel-tv melding om at signala forsvinn 1. mars. Då vil det verte mogleg å sjå OL, men uansett vert det eit ringare fjernsynstilbod frå 1. mars.

Sæbø kabel-tv har sjølve bygt ut kabelanlegget på dugnad

Sæbø kabel-tv har forhandla fram ein avtale med Riks-TV om at det vert bygt ut sendarar slik at bygda kan få ein full pakke frå dette distribusjonsselskapet. Riks-tv sender tv-signala over eteren, slik at det handlar om å skaffe seg antenner til dette føremålet.

Har ikkje fiber

Men Riks-TV vil ikkje ta på seg kostnaden med å byggje ut tilbodet til ein full pakke åleine. Difor søkjer no Sæbø kabel-tv om eit kommunalt tilskot på 500.000 kroner.

– Nokon vil kanskje seie at vi skal vere meir framtidsretta, og ta tv-signala over internett og strøyme fjernsynssignala. Men det er ikkje utbygt fiber på Sæbø. Og dersom alle skal strøyme på det breibandsnettet vi har i dag, vil det kollapse ganske snart. Det har ikkje kapasitet, seier Slettedal.

Han synest det er rett og rimeleg med eit kommunalt tilskot.

– Bygda Sæbø har fått lite kommunale tilskot frå før. Dessutan har vi gjennom kabelselskapet gjeve Hjørundfjordheimen fjernsynssignal til ein svært rimeleg penge, seier Slettedal.

Han meiner dette er ei viktig sak for ei bygd som Sæbø, og at eit godt fjernsynstilbod også er viktig for å gje eit godt reiselivstilbod. Til dømes at hotellet kan tilby fleire fjernsynskanalar enn NRK sine.

– Det må seiast at vi i denne prosessen har hatt hjelp frå kommunen med å finne framtidsretta løysingar, og med å forhandle med distributørar, seier Slettedal.