– Det er avgjerande viktig at kommunen handsamar behova for vedlikehald av slike saker likt, seier rådmannen.

Det er eigar av gnr. 96/7 på Nordre Vartdal, Leif Andreas Vartdal, som har søkt Ørsta kommune om eit tilskot til dekking av kostnader med gjenoppbygging av ei elveførebygging på eigedommen etter flaumen i august 2016.

Det vert i søknaden synt til at kostnaden vart på 36.500 kroner meir enn han fekk utbetalt gjennom naturskadefondet når ein har trekt frå eigendelen. Vartdal syner vidare til at arbeidet som no er utført truleg også minskar faren for framtidig skade på det austre brukaret.

Skaden vart meldt inn til NVE og det vart halde synfaring som konkluderte med at tiltak var

naudsynt for å sikre garasje, lager og bustadhus sør for elva på gnr./bnr. 96/28. Det låg også att

ein del lausmassar på nordsida som pressa elva mot skadestaden. Vartdal eig austover frå brua på nordsida av elveløpet og begge sider aust for 96/28.

– Søknaden gjeld eit tilskot til meirkostnaden utover utbetalt naturskadeerstatning då arbeidet også bidreg til å sikre bru over fylkesvegen og naboeigedommen gnr./bnr. 96/28. Forholdet mellom naboeigedommar lyt i utgangspunktet avklarast lokalt. Statens vegvesen ser ikkje at

gjenoppbygginga vil sikre brua nemnande. Då arbeidet er utført som eit vedlikehald i privat

regi utan søknad har heller ikkje NVE eller kommunen kunne sett vilkår for å kvalitetssikre arbeidet. Saka er ikkje unik og nok slik dei fleste grunneigarar kjem ut av ei skade, seier rådmannen som rår til at formannskapet seier nei til søknaden frå Vartdal.