Hege Andreassen (25) vassar gjennom 30–40 centimeter nysnø kvar dag når ho går til jobb i den japanske byen Niseko. Ekte luksus for ei snøglad dame. Sidan november har ho jobba som skiinstruktør for ein australsk skiskule som heiter Niseko Base Snowsports.

Snørikt: Gatelangs i Niseko på veg til jobb. Dagleg er det gravemaskiner og lastebilar i gatene som jobbar på spreng for å fjerne all snøen som kjem. Mykje vert dumpa i sjøen og i elvar grunna plassmangel. Ein vanleg vinter i Niseko byr på mellom 15 til 17 meter snø.

Historia startar eigentleg då Hege var sju år og var med på tysdagsrenna til Ørsta IL si trimgruppe på Bondalseidet. Etter ein ettermiddag med langrennsski på beina, drog faren fram eit par arva slalåmski og fekk Hege med seg opp til den velkjende «sjuaren» – stolpe sju i bakken og sa: «Ja, no svingar du ned her, og plogar når du får for stor fart.»

– Ok, sa eg, og sette rett utfor utan ein einaste sving. Merkeleg nok stod eg framleis på beina då eg kom ned til botnen av bakken.

Sidan var sesongkort på Bondalseidet fast inventar i lomma. Når ho ikkje spelte handball, var det snøen som lokka mest. Då ryggen sette ein stoppar for vidare handballkarriere, var det nedoverbakkar for alle pengane.

– Dei siste seks åra har eg vore på konstant leiting etter snø og pudder, enten på det fantastiske skisenteret vi har på Bondalseidet, eller på toppturar omkring på Sunnmøre. Dei tre siste somrane har eg også vore på New Zealand og stått på ski, sidan dei har vinter og snø når vi har sommar og sol. Eller i alle fall sommar.

Ingen dag er lik

På New Zealand har ho også tatt skiinstruktørkurs, noko som kjem godt med når ho no jobbar i Japan.

– For skientusiastar er Niseko verdskjent. Den vesle plassen ligg om lag to timar frå Sapporo på nordøya i Japan, Hokkaido, og har utsikt til den vakre vulkanen Mount Yotei, som eg har sett berre to dagar denne sesongen, grunna konstant snøfall.

På jobb: Med namneskilt med norsk flagg på brystet.

Hege fortel at Hokkaido er kjent for å få ekstreme mengder med snø, sidan all kulda frå Sibir kjem over til dei. Russland ligg berre fire timar med ferje unna. No i januar har det kome over 9,5 meter, og om lag dagleg er det gravemaskiner og lastebilar i gatene som jobbar for å fjerne all snøen som kjem.

– Snøen vert køyrt vekk og dumpa i havet og i elvar grunna plassmangel. Enkelte stader er renn det vatn frå varme kjelder under vegen, så fleire stader er det luker i vegen som dei opnar og mokar snøen nedi, så han smeltar vekk.

Det var Hege sin skotske kjærast som fekk henne til Japan. Han har jobba der dei siste fire vintrane, og Hege har vore på besøk nokre gonger. Så vart også ho biten av kjærleik til snøparadiset.

– Snøen her er noko heilt spesielt som du berre må elske. Morgon etter morgon med 30–40 centimeter med nysnø. Det er heilt perfekt! Det er også ei heilt spesiell atmosfære her, då alle som kjem hit elskar å stå på ski, dei elskar vinter og dei elskar snø, akkurat som meg.

Ho er utdanna barneskulelærar, og utdanninga kjem godt med i jobben.

– Eg likar å arbeide med barn og eg elskar å stå på ski, så det å vere skiinstruktør er heilt topp. Ingen dag er lik. Skiheisen går frå klokka 08.00 om morgonen til klokka 20.30 om kvelden, så etter jobb er det enten meir skikøyring, afterski, instruktørtrening med skiskulen, ein tur i onsen (nakenbading i varme kjelder) for å pleie sure lår, eller rett heim og lage mat og slappe av etter ein lang dag ute, i omtrent konstant snøfall.

For det meste underviser ho velståande folk frå Hongkong, Singapore og Malaysia, og folk frå Australia som er der i sin sommarferie. Dei fleste ho underviser er barn, men ho har også hatt timar med ei 64 år gamal dame frå Kina som knapt kunne engelsk, og ein indonesisk gut på tre år som snakke til henne på fleire ulike språk.

Maskot: I kostymet til skiskulen sin maskot, Yuki Tanuki.

– Det meste går føre seg på engelsk, men eg har sett meg nøydd til å lære meg nokre japanske gloser også, for engelskkunnskapen varierer, fortel ho.

Ho går berre under namnet «Scandi» eller «Scandigirl», då namnet Hege har vist seg å vere utfordrande for både kundar og dei rundt 80 ski- og snøbrettinstruktørane ho jobbar saman med. Ho er den einaste norske.

Saknar norsk mat

– Å leve i Japan er ulikt Noreg på mange måtar. Først og fremst er eg svolten heile tida, sidan eg er svært kresen og ikkje likar sjømat, anna enn mamma sine heimelaga fiskepinnar i kvit saus, ler ho, og seier at dette var eit lite hint til heimkomsten seinare i år.

– Maten er kanskje det eg slit mest med her. Når eg går på butikken er det ingen som snakkar engelsk, og alle varar har japanske teikn, utanom sjokolade heldigvis. Eg har rota vekk ein del pengar på ting eg ikkje veit kva er, og som eg definitivt ikkje har likt. Til dømes kjøpte eg meg noko eg trudde var friterte laukringar, som viste seg å vere blekksprut. Men dei har også mykje herleg mat, og det meste vert servert med ris, så riskokaren vi har i huset er stadig i sving. Og så var eg heldig og fekk besøk av syster mi no nyleg, og fekk leveransar av norsk mjølkesjokolade, havregryn og andre norske herlegheiter!

Kniv og gaffel er også mangelvare, så Hege fortel at ho har vorte ein racer med etepinnar. På restaurant vert maten inntatt sitjande på golvet.

– Det er mykje nytt og uvant, men også veldig kjekt og fasinerande. Og sjølv om engelsken til japanarane er svært avgrensa, og vi ikkje forstår kvarandre like godt alltid, er dei alltid smilande, blide, hjelpsame og utruleg høflege. Dei spring rundt for å hjelpe, nikkar og bukkar, og seier takk til alt. Her har kanskje vi nordmenn noko å lære!

I april er eventyret over for denne gong, då ventar to veker med rundreise i Japan før ho returnerer til heimlandet, klar for vårskikøyring i Sunnmørsalpane - og mors heimelaga fiskepinnar.