NRK og Posten har samla Noreg, og vore nasjonsberande institusjonar. Begge har vore viktige tenesteleverandørar, ikkje minst for oss som bur i distrikta, og begge er basert på den vakre sosialdemokratiske ideen om at alle nordmenn skal få eit like godt tilbod, same kvar dei bur.

Posten er ikkje det han var. I 2016 slutta dei å levere ut post på laurdagar. Frå nyttår i år stogga A-post ordninga, noko som mellom anna gjer at aviser kjem seinare fram i store delar av landet. Og denne veka la samferdsleministeren fram eit forslag som kan ende med at posten berre vert levert annankvar dag frå 2020.

-Vi må tilpasse oss endra brukarvanar, seier Posten.

Dei regionale TV-sendingane i NRK vart bygde ut gjennom 1990-talet. Dette var Einar Førde sitt flaggskip. Arbeidarpartistrategen skifta beite og vart kringkastingssjef og NRK-strateg. Førde spelte bevisst på utbygginga av distriktskontora for å få Stortinget med på å auke NRK-lisensen. Resultatet vart ein gullalder for distriktskontora, ein gullalder som no ser ut til å vere over. Distriktsnyheitene klokka 1845 er vekke, og erstatta med korte sendingar seinare på kvelden.

–Vi må tilpasse oss nye lyttar -og sjåarvaner, seier NRK-leiinga.

Det er ikkje til å kome frå at brukarvanar og sjåarvanar er i endring. Vi sender framleis julehelsingar, men neppe gjennom posten. Og dei unge byter ut TV- skjermen med andre skjermar. Men kvifor skal slike endringar først og fremst råke oss som bur utanom Oslo - og spesielt eldre?

Det er ei grense for kva som kan aksepterast av kutt i Posten, og det må politikarane seie frå om. NRK må nok passe seg mest. Eit dårleg NRK-tilbod i distrikta kan føre til at lisensen mister legitimitet.