Det fortel seniorrågjevar Vigdis Rotlid Vestad hos Fylkesmannen i Møre og Romsdal.

Måndag startar innbyggjargranskinga i Bjørke og Viddal krinsar om kva kommune dei skal høyre til i framtida, Ørsta eller nye Volda.

Rotlid Vestad stadfestar at innbyggjarundersøkinga åleine ikkje vil vere avgjerande for kva tilråding fylkesmannen landar på overfor Regional- og kommunaldepartementet.

– Straks innbyggjargranskinga er over, startar vi på sjølve sakshandsaminga. Der hentar vi inn mykje faktagrunnlag, og til slutt vert det ei skjønnsmessig vurdering for kva vi tilråding vi landar på. Dette er også slik vi gjorde det i spørsmål om kommunesamanslåingar, seier Rotlid Vestad.

Ho ber innbyggjarane i Bjørke og Viddal krinsar om å gå inn på heimesidene til fylkesmannen, og søkje på grensejusteringar. Der ligg all relevant informasjon om saka.

Endrar spørsmål

Det er også klart at spørsmålsstillinga i spørjegranskinga er endra etter innspel frå innbyggjarane.

Spørsmålet vert slik: Kva kommune meiner du at Bjørke og Viddal skal høyre til i

framtida?

* Bli i Ørsta kommune

* Overflytting til nye Volda kommune

* Veit ikkje

«Veit ikkje»-svaret erstattar svaralternativet «anna» som var i det fyrste utkastet til spørsmålsstilling.

På slutten av denne veka har det vore ein liten strid i krinsane om kva skriv som skal vere med i informasjonen til innbyggjarane. Årsaka var om eit skriv frå Nye Volda kommune om kva Bjørke og Viddal vil få av tenester i Nye Volda kommune skulle vere med i materiellet eller ikkje. Dette skrivet kom til etter at Volda og Hornindal kommunar hadde kome med eit fyrste utkast til faktagrunnlag, og er eit slags tilsvar på spørsmål som har kome i ettertid av at fylkesmannen samla inn faktagrunnlag i saka.

«Nye Volda vil overta forpliktingar som Ørsta kommune har i dag i området inklusive planlagd vegutbygging, mobilnett investering, beredskapsbåt m.m. og ansvar for alle kommunale tenestetilbod og ansvarsområde», heiter det i skrivet mellom anna.

Skrivet vart sendt til Bjørke grendelag, men grendelaget valde ikkje å sende dette ut til innbyggjarane. Grunngjevinga var at skrivet etter grendelagsleiar Svein Homberset Skjåstad sitt syn, hadde lite faktarelevans, noko han formidla på Bjørke-sida på Facebook.

Likevel hamna skrivet torsdag kveld i postkassene til folk. Dette fekk fleire til å reagere.

I eit lesarinnlegg i Møre-Nytt i dag presiserer fleire innbyggjarar i Bjørke-området at det ikkje berre er ei gruppe unge vaksne som går inn for ei grensejustering.

«Vi vil med dette korrigere biletet. Vi var folk i alle aldrar som ynskte at vurdering av grensejustering skulle gjennomførast av fylkesmannen i tråd med inndelingslova», heiter det m.a. i lesarinnlegget.

– Ta telefonen

Ordførar Stein Aam ynskjer innbyggjarane i Viddal og Bjørke krinsar til lykke med innbyggjarundersøkinga.

– Mitt syn er at eg skal ta omsyn til kva folkemeininga er, seier Aam.

Han oppmodar alle innbyggjarar til å ta telefonen når Opinion AS byrjar å ringje rundt komande måndag.

Det er sett av to veker til innbyggjargranskinga. Vidare skal resultatet liggje føre i veke seks (5. til 9. februar), og aktuelle partar skal då verte informerte.

Kommunane Ørsta og Nye Volda har frist til veke ni å kome med sine synspunkt. Og den 22. mars skal Fylkesmannen i Møre og Romsdal kome med tilrådinga si.