Det seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerlid til nettstaden yr.no

Det er venta kraftig sør søraustleg vind i Sør-Noreg søndag og måndag, med vindkast på 35-45 meter i sekundet frå Trøndelag til Sogn og Fjordane.

Det som er sikkert, er at det kjem kraftig vind over Sør-Noreg.

– Det er framleis eit veldig kraftig høgtrykk i aust og veldig kraftig lågtrykk i vest som pressar mot kvarandre. Tre-fire kilometer over oss er det vindar på 100 knop, seier statsmeteorolog Lars Andreas Selberg til yr.no.

– Spørsmålet er korleis folk i låglandet vil merke dette. Vi ventar vindkast opp i 35–45 meter i sekundet på kysten, i fjellet og område utsett for sør søraust vind. Det er over kriteria vi har sett for ekstremvêr, seier Fagerlid.

– Om dette blir ekstremt eller ikkje, vinden blir så kraftig at den kan gjere skade. Det er all grunn til å vere forsiktig, legg han til.

På grunn av vindretninga er det venta lokale variasjonar. I all hovudsak ser dei mest folketette områda til å sleppe unna den sterkaste vinden.

– Vi har sett det før: Ei bygd kan ha veldig rolege vindforhold, medan nabobygda kan ha veldig kraftige vindkast. Det er aldri godt å vite kvar den sterkaste vinden kjem, avsluttar han.