Det er yr.no som melder dette.

Meteorologisk institutt har sendt ut varsel om kraftig vind frå sør både søndag og måndag.

Det er venta sørleg, kanskje sterk storm på kysten og truleg orkan ved Stad.

– Det er i grenseland til verre ting. Det er venta vindkast opp i 35 meter i sekundet, og det er grensa vi har sett for ekstremvêr, seier statsmeteorolog Geir Ottar Fagerli ved Vêrvarslinga på Vestlandet, til Yr.no.

Heile Norge

Det er kampen mellom trykksystema over Baltikum og ved Island som fører til den kraftige vinden. Fagerlid seier ein vil merke vinden over store delar av landet. Vinden kjem frå sør.

– Det er først og fremst fjell og kyst som vil merke det, men vindkasta kan også komme ned i fjord- og dalstrok som er utsett for sønnavind, seier Fagerlid.

– Vi ventar veldig kraftig vind over store delar av Norge. Finnmark vil også få veldig kraftig vind frå det same lågtrykket, men ein vil truleg merke det mest i nordlege delar av fjellstroka i Sør-Noreg, legg han til.

Vinden blir truleg kraftigast natt til måndag.

Sørleg vindretning er gunstig for Vestlandet, legg Fagerlid til.

– Det er verre dersom vinden kjem sørvestleg retning. Men det er så pass mykje vind at det kan bli problem, seier Fagerlid.