Trafikkulykke på Eiksundbrua

Nyheiter

To bilar med til saman fem personar var involvert i ei trafikkulykke på Eiksundbrua laurdag ettermiddag.

Ein vaksen og to barn på seks og ni år frå den eine bilen er frakta med luftambulanse til sjukehus for vidare undersøkingar, opplyser politiet på Twitter.

Det var to bilar som kolliderte, og Eiksundtunnelen har vore stengt i samband med ulykka.

Politiet opplyser at alle kom seg ut av bilane og at ingen sat fastklemt etter ulykka.