Verneombod Tormod Slåttelid i Nettbuss Furene ber i eit skriv til mellom anna Statens vegvesen og Ørsta kommune at det vert prioritert å byggje busslommer i Bondalen.

Verneombodet har merka seg at det har vorte ein debatt om trafikktryggleiken i dalen.

– Der det er skur, der bør det byggjast busslommer. Slik det er i dag skaper det farlege situasjonar når bussen stoppar i vegen, og er til hinder for annan trafikk, skriv Slåttelid.

Han underkjenner ikkje at skura er fine.

– Men som eit trafikktryggingstiltak fungerer dei ikkje hundre prosent så lenge busslommene manglar, kommenterer Slåttelid.

– Sett frå oss sjåførane si side er det heilt klart tryggast at borna står klare på ei god og helst opplyst lomme før bussen kjem, og at dei ventar med å krysse vegen til bussen har køyrt etter at dei har gått av, skriv Slåttelid.

Han er bussjåførane er også tvilande til om ein fartsgrensereduksjon vil vere hjelp i. Bussjåførane ynskjer ei synfaring for å få forholda vurdert.