Skeidar i Hovdebygda fekk redusert omsetninga si i fjor med to millionar kroner samanlikna med 2016, og møbelhuset selde møbelvarer for vel 31 mill. Dagleg leiar Carsten Winje er overtydd om at auka sal over nettet er årsaka til nedgangen.

– Ja, dette handlar i hovudsak om at fleire også kjøper møblar via nettet. Det er jo slik at nesten all detaljhandel i landet no går i minus. Internettsalet i fjor auka totalt med 12–14 prosent. Og no er det fleire og fleire som kjøper møblar på m.a. Finn.no, men også på andre nettstader, seier Carsten Winje hjå Skeidar.

Også Dag Tore Hagen hjå Møbelringen i Hovdebygda konstaterer at møbelsalet aukar på nettet.

– Det er ingen tvil om at netthandelen aukar innan møbel. Men førebels er tala låge. Likevel aukar møbelsalet via nettet jamt og trutt, konstaterer Hagen.

Møblar: Møbelringen sine tilsette i Hovdebygda, Oddvar Nautvik, Maria Hjellen Langedal, Margrete Sørensen og Dag Tore Hagen opplever hektiske dagar med januarsal.

Førebels har ikkje Møbelringen i Hovdebygda merka noko til nettsalet, sjølv om også dei gjekk ned to millionar i omsetning i 2017.

Har stabilisert seg

– Men nedgangen handlar ikkje først og fremst om at fleire kjøper møblar via nettet. Vi hadde nokre toppår i 2015 og 2016. No har møbelbransjen stabilisert seg på eit meir normalt og lågare nivå. Vi veit også at nedgangen i oljeverksemda også i vårt område får konsekvensar for møbelsalet, seier Hagen.

I fjor omsette Møbelringen i Hovdebygda for 21 millionar kroner pluss moms. Selskapet hadde overskot.

– Vi er rimeleg nøgde. For 2018 er eg avventande optimist. Det er vanskeleg å spå korleis utviklinga innan nettsal vil verte. Vi er nok ikkje så utsette som andre varegrupper, for folk vil framleis kjenne på dei møblane dei skal ha, og det er ikkje alt som eignar seg å kjøpe berre ved å sjå på bilde, seier Hagen.

Framover trur han møbelbransjen i større grad kjem til å kombinere butikk og nett.

– Det vert no jobba med løysingar der folk kan gå i møbelbutikken som før og kike og prøve, men at kundane i tillegg kan sitje på nettet og kontrollmåle og bestille, seier Dag Tore Hagen.

Han søv framleis godt om natta sjølv om netthandelen tek kvelartak på mange butikkar.

– Framover vil nok salet av småvarer innan møbel auke på nettet. Når det gjeld sofa og store møblar, er det enkelt og lettvint å halde seg til dei lokale møbelhusa. Å kjøpe store møblar på nett kan vere meir tungvint i høve transport, henting, reklamasjonar og slike ting, vurderer Hagen.

Ikkje krisestemning

Med eit møbelsal på vel 31 millionar og ei positiv botnlinje er det heller ikkje krisestemning i møbelhuset Skeidar ved flyplassen.

– Nei, vi sel framleis bra innan sofa og etestover, og ikkje minst senger. Der ligg vi på landstoppen. Interiørbutikken vår selde for ni millionar i fjor, og det er bra. Likevel er vi spente på korleis det går i år. Vi trur nettsalet kjem til å auke. Difor har vi budsjettert med fem prosent nedgang, fortel Carsten Winje.

Skeidar-kjeda gjekk i minus i fjor, og no vert det gjort grep for å snu ein negativ trend på landsbasis.

– Det vert jobba med eit konsept der kunden skal kunne bestille varer på nettet og hente dei i butikk, fortel Winje.

møblar: Fleire og fleire handlar møblar via nettet, noko som utfordrar dei tradisjonelle møbelforhandlarane.

Han har von om at endring av varesortiment skal slå positivt ut i 2018.

– Møbelbransjen er ikkje like utfordra av nettet som t.d. sportsforhandlarane. Vi har stort nedslagsfelt med 60.000 menneske som kan nå oss innan 45 minutt. Dei næraste Skeidar-butikkane ligg i Førde og Ålesund, difor har vi mange kundar frå øyane, men også Nordfjord, fortel Winje.

Han er nøgd med starten på det nye året for Skeidar som har fjorten tilsette fordelt på kring sju årsverk.

– I romjula selde vi for over ein million på fire dagar. Januarsalet er det viktigaste salet for heile året. Dette er med på å bygge opp drifta, fortel Winje.