Låra mine er skvisa, heilt fullstendig skvisa!

Det nærast roper Marit Jørgensen Reite som pustar ut og takkar Svein Urke frå Hjørundfjord Mountain Guide for turen.

– Tenk om vi ikkje hadde kome oss ned ifrå fjellet på grunn av meg, seier ho til Urke.

– Då hadde vi grave oss snøhole og overnatta, svarar guiden og begge flirar.

Utflytta men heimekjær

Urke har dei siste åra brukt ein god del av fritida si på Saksa turstiforeining. Til vanleg jobbar han som produksjonssjef på Grandiosa-fabrikken – når han ikkje har med gjestar opp til horn og tindar kring Hjørundfjorden, vel og merke.

Viste omsyn: Svein Urke har lang erfaring med å vere i fjellet med andre, mellom anna gjennom Røde Kors.

Eigentleg har ikkje Urke vore på jobb som guide i kveld. Saman med mellom andre barndomsvennen Jens-Arve Forbord arrangerer han gratis turar kvar tysdag til og med 27. februar.

Forbord er òg fjellførar i Hjørundfjord Mountain Guide og eig selskapet.

Han er mangeårig leiar av Stranda Alpingruppe, men det er fjella kring Hjørundfjorden som står han nærast.

Han håper på meir turisme dit og at den nye masterplanen for reiseliv i Ørsta kommune innfrir ambisjonane. Fjellføraren vil vere med på å skape noko i miljøet han vaks opp i.

– Eg har inne ei fire dagars turbestilling i midten av februar som inkluderer skyssbåt og middag på Christian Gaard på Trandal, i regi av Daniel Storeide.

Dette trekk han fram som eit døme på ringverknadar guidebransjen kan gi.

Rettleiar :Jens Arve Forbord viser veg.

Ubetalt fjellføring i mørke og på is

Turen gjekk opp på Langfjella i Sykkylven. Lat oss spole tilbake til start.

Etter at turleiarane har organisert ein liten sendar/mottakar-sjekk, kan gruppa endeleg skyve skituppane framover. Det vesle toget av ti hovudlykter skrår seg att og fram mellom snødekte fjellbjørker. Opp i det innsnevrande mørket, som likevel byr på ope lende. Ut i det som for enkelte er ukjent, for andre ei velkjent leikegrind.

Urke tilhøyrar den siste kategorien.

– Eg ville aldri lagt av garde i mørket på eit ukjent fjell aleine, slår han fast.

Nede i skogen er snøen laus og Forbord har trua på god kjøring.

Lenger oppe, særleg på ryggane er snøen derimot avblåst. Berre sastrugiar (russisk lånord) står att. Dette er avrunda, hard snø som stikk opp likt bølgjer gjer på sjøen.

Plutseleg kjem vi til eit parti med glasert underlag. Vi må sette stålkantane inn i isen for å halde oss oppreiste. Å falle her er langt frå livstrugande, men likevel – framom heile gruppa... Like brått som det sleipe terrenget kom, er det forsert. Sånn er det å gå i svarte natta, eit skritt av gangen, bokstaveleg talt.

Topptur: Marit Jørgensen Reite på sin første topptur for sesongen – med Ålesund i bakgrunnen.

Vi når Langfjella sitt høgste punkt 1118 meter over havet, og ser Ålesund ligge som eit gullsmykke nede i det mørklagte kystlandskapet.

På veg ned fører Jens-Arve gruppa til betre kjøresnø; betre enn isen og sastrugiane vi hadde på veg opp, då vi følgde ryggen. Han briljerer med kvinande fart og proff teknikk, heilt til han hektar seg i ei grein og fell.

– Øydelegg ikkje for betalt verksemd

Vel nede (og alle uskadde) melder spørsmålet seg: kan gratisturar av høg kvalitet øydelegge for kommersielle moglegheiter?

– Eg trur ikkje det finst mange som er villig til å betale for turar på kveldstid på kvardagar, svarer Forbord.

I helgar i mars og april er han og Urke derimot som regel fullbooka. Forbord trur at trenden med stadig lengre sesong vil halde fram.

– Ein skikkeleg marknad for guida toppturar i januar og februar vil bli ein realitet, seier han.

Turen i kveld var altså ope for både Jørgen Hattemaker og Kong Salomo. Samstundes legg ikkje Forbord skjul på at eit godt image er ein bonus når den kommersielle sesongen startar.