– I vår tid ved hotellet, sidan 2012, har vi ikkje opplevd tilsvarande med booking som no. Sommarsesongen er mest alt fullteikna. Det er berre nokre einskildrom ledige einskilde dagar, fortel eigar Wenke Gjørtz hos Sagafjord Hotel.

Ho er snar med å understreke at det kan kome avbestillingar. Det opplevde hotellet mellom anna for vinter- og vårsesongen i fjor.

– Då opplevde vi at vêret svikta oss. Mange av dei som hadde tinga hotellopphald med skiferie, avbestilte, fortel Gjørtz

No håper ho på ein annan situasjon også for vinter- og vårsesongen. Sagafjord Hotel har satsa mykje i marknadsføringa på toppturar med ski, og opplever at etterspurnaden er stor.

– Akkurat no er det lågsesong, og vi har drift på eit minimumsnivå. Likevel har vi konferansar kvar veke. Framover vil desse ta seg opp, og vi har også hatt den fyrste gruppa med skituristar. Dette vil ta seg opp framover, fortel Gjørtz.

Den fyrste verkelege storhendinga, er High Camp i midten av mars. Denne hendinga, som samlar toppturentusiastar frå heile Noreg og Europa elles, er fullteikna.

– Vi har hatt ein svært god start på vinteren med mykje snø, og no er det berre å håpe at han vert liggjande. Då kan det verte ein svært god vårsesong også, seier Gjørtz.

Endra kjedetilknyting

Sagafjord Hotel er medlemmer i Best Western-kjeda, men endrar no tilknytingsform. Det er av eige ynske.

– Best Western-kjeda er den største av sitt slag i verda med privat åtte hotell. Ho er meir kjend i utlandet enn i Noreg. Vi har meint at vi ikkje har passa inn i det konseptet som vert marknadsført i Noreg. Difor endrar vi no tilknytingsform. Vi vert litt lausare tilknytt, men samstundes hamnar vi ein divisjon som passar meir for eit hotell som oss, fortel Giørtz.

Frå og med 1. januar har hotellet fått nemninga BW Premier Collection, Best Western sin kategori for eksklusive hotell i verdsklasse. Her kan gjestane forvente førsteklasses sørvis, design og komfort – i fantastiske omgjevnader, heiter det frå Best Western-kjeda.

– Den visjonen vi no vert tilknytt til, er veksande, og det er mogleg fleire hotell i Noreg kjem med. Samstundes håper vi å nyte godt av Best Western i marknadsføringa, for kjeda er stor mellom anna i Sverige, fortel Gjørtz.

Sjølv med ei lausare tilknyting, vil hotellet ha nytte av kjedetilknytinga gjennom bookingsystem og andre kjedefordelar.

– Men vi skal framleis vere eit lite fjordhotell, og med vårt særpreg. Det er viktig for oss å halde på, seier Gjørtz.