Ørsta sentrum ligg framleis i skugge,men sola kjem stadig nærmare. Biletet er frå Hagen i fredag, der sola no kryp over fjella slik at solstrålane når heilt ned til fjorden ei lita stund midt på dag.

Og til helga kan det verte meir sol. Meldingane er austaver, og roleg vindforhold fram til søndag ettrermiddag. Det lovar godt for dei som vil ut å gå på ski.

Søndag kveld kjem det ein ny runde med vind- opp i sterk kuling, dersom vermeldinga slår til.