Torsdag var det leven i sauefjøsen til Odd Bjarne Bjørdal i Bjørdalen. Då vart videoen til den nye Vassendgut-låten spelt inn. Sauene var nok litt forskrekka til å byrje med, men såg ut til å like det dei høyrde av den nye låten.

For Kristian Krubel Djupnes gjer det på ekte Åmdal-vis. Låten han har skrive til Vassendgutane er på Åmdal-dialekt, sjølv om Kristian si eiga dialekt er nordnorsk.

Kristian vart kjend gjennom reality-serien Farmen på TV2, og der kom det også fram at han var ein stor tilhengjar av Vassendgutane. Dei har seinare møttest, og på eit av treffa dukka ideen om ein song opp.

– Kristian presenterte songen for oss. Men han var ikkje ferdig. Vi bad han leggje til nok eit vers, fortel Sindre Aam i Vassendgutane.

Vokalist

Og i løpet av ei helg vart låten ferdig, og nyleg vart han spelt inn hos Audiofarm lydstudio på Vatne, og med Kristian som vokalist.

– Eg syng på tilnærma sunnmørsdialekt. For meg er det slik det skal vere. Når country skal syngjast på norsk, skal det vere på Åmdals-dialekt. Det er ekte vare, insisterer Kristian.

Det var Olai Tomasgard og Torstein Sandven som hjelpte Vassendgutane og Kristian med å spele inn videoen i sauefjøsen i Bjørdalen. Med låten på playback vart det spelt inn scener i ymse bingar, og medan sauene truleg undra seg fælt over kva som skjedde.

Premiere 2. februar

– Dei har oppført seg fint, fortel Kristian, og for høvet kledd i ein Nortura-kjeledress, etter krav frå fjøseigar og Nortura-styremedlem Odd Bjarne Bjørdal.

Det vert premiere på låten og videoen den 2. februar, og dagen etter skal Kristian vere med på konsert med Vassendgutane, og syngje låten.

Spelar i Ørsta

– Kristian vert med oss på nokre konsertar framover, kanskje også i Kiwihallen i Ørsta den 26. mai, fortel Aam.

Det er fyrste gong Kristian har laga ei låt, og han er sjølvsagt spent på mottakinga.

– Og det har vore veldig artig å få spele låten inn saman med Vassendgutane, og å få vere med på videoinnspelinga her i dag. Litt fjøslukt er heilt greitt, seier Kristian.

Vassendgutane rettar ei stor takk til Odd Bjarne Bjørdal for lånet av sauefjøsen.