Det var i VG onsdag at granskinga vart presentert. Gjennomsnittleg i landet får 42 prosent av dei som vart råka sjukehusbehandling innan fire timar etter dei fyrste symptoma.

I nedslagsområdet til Volda sjukehus vert det reagert raskast i heile landet. Granskinga syner at 71,7 prosent av pasientane kjem under behandling innan fire timar etter symptomdebut, heiter det i VHG.

Dette er desidert best i landet, og vidare er det pasientar i nedslagsområda til sjukehusa i Vesterålen, Stavanger og Flekkefjord som kan håpe på raskast mogleg behandling.

Det står verst til i Oslo, Notodden, Kirkenes og Orkdal. I Orkdal er det berre 18,8 prosent av pasientane som kjem til behandling innan fire timar etter at symptoma vart oppdaga.

Symptom på hjerneslag:

* Halvsidig nedsett kraft i arm/bein.

* Talevanskar.

* Ansiktsskjeivheit.

Andre symptom:

* Nummenheit i ein kroppshalvdel.

* Synsforstyrringar.

* Nedsett balanse/koordinasjon

* Plutseleg eksplosjonsarta hovudpine.

Ved mistanke om hjerneslag:

* Ring 113 umiddelbart.

* Syt for å sikre pasienten frie luftvegar, og skap ro rundt vedkomande.

* Ver hos pasienten til helsepersonell kjem.